Hasundgot sigra i naboduellen.
Det er alltid spanande kampar når Hasundgot og Hødd møtest til duell. Då laga spelte motsett oppgjer tidlegare i vår vart det ein heseblesande kamp som endte 4-4, etter at Hasundgot hadde leia 4-0 til pause.
Like mange mål vart det ikkje på Hasundgot stadion laurdag ettermiddag, men Hasundgot kom best i gang også denne gongen.
Rundt 20 minutt var spelt då Sander Ringstad sende Hasundgot i leiinga, før Jonas Overå dobla leiinga knappe fire minutt seinare.
To kjappe scoringar frå Hødds Mathias Hjelle i det 45. og det 50. speleminuttet sørgja for at det stod likt med nesten ein omgang igjen å spele, men Nicolai Molvær er i scoringsform for tida – og heldt fram mot Hødd.
Midtbanespelaren scora ei praktscoring for herrelaget torsdag, og følgde opp med ei matchavgjerande scoring i det 80. speleminuttet mot dei blåkledde. 3-2 til Hasundgot!
Resultatet heldt kampen ut, og Hasundgot kunne kassere inn sesongens andre siger (tredje om ein tek med sigeren over Brattvåg som har blitt stroke som ei følgje av at dei har trekt laget).
Hasundgot held derfor god følgje med dei to topplaga, som ligg med 9 poeng etter fem spelte kampar. Hasundgot ligg på tredjeplass med sine 8 poeng.
OBS: Det er også svært gledeleg å kunne meddele at Isak Sundgot gjorde comeback i denne kampen, etter å ha kome inn som innbytar. Dette er den første kampen som spissen har spelt sidan han fekk eit lårbeinsbrot i KM-kampen mot Vigra i fjor haust. Stå på, Isak! 💪
Kampfakta
G19, 3.div
Hasundgot – Hødd 3-2 (2-1)
Hasundgot stadion
Dommar: Bengt Kvalsvik, Blindheim IL
Mål: 1-0 Sander Ringstad (20), 2-0 Jonas Overå (24), 1-2 Mathias Hjelle (45), 2-2 Hjelle (50), 3-2 Nicolai Molvær (80)
Laget (4-3-3): Kristian Sundal – John Olav Hatløy, Odd Hatløy, Simon Spjutøy, Aleksander Vågen – Sander Ringstad, Stian Pedersen, Nicolai Molvær – Elias Rooney, Jonas Overå, Daniel Skeide
Innbytarar: Heine Kulø, Paul Våge, Håvard Fiskaa, Isak Sundgot, Niklas Thorseth Schmidt, Loke Mork