17. juni 2021

G19: kjempar om avdelingssiger onsdag

Med poeng i vårens siste seriekamp, kan Hasundgot ta vinne vårens 3.-divisjonsavdeling.

I helga tok Lars Breiviks disiplar ein sterk siger mot serieleiar Herd 2, og scoringar av Elias Skeide Rooney, Sander Gjerde, Isak Sundgot og Sander Ringstad sørgja for at kampen blei vunne 4-0.

Med berre eitt tap så langt i år, ligg juniorlaget godt an i toppen av avdelinga. Med ein kamp mindre spelt enn Herd har Hasundgot 12 poeng, eitt poeng mindre enn laget frå Moa.

Alle lag unntatt Hasundgot og MSIL er ferdigspelte for våren, som betyr at både 1., 2. (som gir moglegheit for opprykk) og 3. plassen skal avgjerast i siste serierunde.

Skulle Hasundgot anten vinne eller spele uavgjort, vil dei krype forbi Herd og ta tabelltoppen. Skulle det derimot ende i tap, vil MSIL snike seg opp på tabelltopp, og Hasundgot fell ned på ein tredjeplass.

Det er derfor mykje som står på spel når Hasundgot reiser til Mauseidvåg onsdag kveld.

Hasundgot-redaksjonen ønskjer Breivik og co lykke til i kveldens kamp!