Det vart ein kamp med sterke kjensler då Hasundgot sikra avdelingssigeren mot MSIL.
For det vart ein tung start på kampen. Den 1. omgangen var halvspelt då kaptein John Arne Apelseth gjekk inn i ein duell med 100 prosent innsats.
Forsvararen kom for seint inn i duellen og sparka rett i ein MSIL-angripar, og brakk i same stund beinet. I tillegg vart Hasundgot redusert til 8 mann (9ar-kamp), ettersom Apelseth fekk raudt kort for duellen.
Med ein mann meir klarte MSIL å ta leiinga på eit hjørnespark like etter, og tok med seg leiinga til pause.
Men så vakna gjestene på Mauseidvåg kunstgras.
Elias Skeide Rooney hadde lyst å gi kapteinen sin noko å juble over på sjukehuset, og med eit vaskekte hattrick i den 2. omgangen sørgja angriparen for at Hasundgot dro i land sigeren.
Det betyr at Lars Breiviks gutar seglar opp på toppen av tabellen, og sikra seg avdelingssigeren i 3.-divisjon.
Vårsesongen har derfor vore særs god for juniorane, sjølv om det vert med ein liten bismak akkurat i kveld.
Kampfakta
G19, 3.-divisjon
MSIL – Hasundgot 1-3 (1-0)
Mauseidvåg KGB
Dommar: Fredrik Løken, Brattvåg IL
Mål HIL: 1-1 Elias Skeide Rooney (60), 2-1 Rooney (61), 3-1 Rooney (90)
Troppa: Kristian Sundal, Erik Hatløy, John Arne Apelseth, John Olav Hatløy, Aleksander Vågen, Sander Ringstad, Håvard Vik, Martin Dimmen, Odd Hatløy, Isak Sundgot, Daniel Skeide, Sander Gjerde, Elias Rooney, Petter Overå