Hevda seg mot serieleiaren

Det var ein spanande kamp, som til slutt enda 3-3 mot Skodje.

Damelaget sigeren i lomma, men klarte ikkje å halde på sigeren heilt inn.

Sist kamp tok Hasundgot leiinga 2-0 mot Ørsta, og mot serieleiar Folkestad/Volda2 måndag kveld viste damene seg på ny frå ei sterk side.

Etter å ha skapt mange gode sjansar, losna det på måltavla i det 18. speleminuttet. Matilde Fjørtoft hadde nettopp kome inn på banen, og angriparen plasserte trygt og godt inn 1-0 etter eit innlegg frå høgre.

Kristin Marø la så på til 2-0 fire minutt seinare.

Bortelaget fekk seg ei redusering til 1-2 rundt halvtimen, men ei ny scoring av Marø sørgja for at Hasundgot for første gong denne sesongen leia til pause.

Like etter sidebytet fekk dei blåkledde frå Volda to raske scoringar, som sørgja for at det var balanse i målprotokollen, før Folkestad/Volda snudde kampen til 4-3 rundt timen passert.

Hasundgot kriga seg inn i oppgjeret igjen, og to kjappe scoringar av Kristin Helland sende Hasundgot tilbake i leiinga med dryge 20 minutt att å spele.

Men dette var ikkje dagen for Hasundgot. Tre nye scoringar av bortelaget sørgja for at det vart eit knipent 7-5-tap, i ein kamp Hasundgot verkeleg hadde gode sjansar til å innkassere årets første siger.

Sigeren kjem stadig nærmare, og tatt med i rekninga at Folkestad er dei suverende serieleiarane er dette eit resultat Hasundgot absolutt ikkje skal deppe over – sjølv om det var surt å ikkje gå med seg nokon av poenga.

Vi får derimot ein sjanse til å samle poeng 17. juni, når vårens siste seriekamp står for tur borte mot Guard. Før den tid ventar halvanna veke med god trening!

Kampfakta

Kvinner 7ar
Hasundgot – Folkestad/Volda2 5-7 (3-1)
Hasundgot stadion
Dommar: Kristian Sundal
Tilsk: ca. 20

MÅL: 1-0 Matilde Fjørtoft (18), 2-0 Kristin Marø (22), 3-1 Marø (32), 4-4 Kristin Helland (68), 5-4 Helland (70)

Laget (2-3-1): Karoline Breivik – Astrid Breivik, Gry Antonsen – Mari Sundgot, Kristin Marø, Emilie Garnes – Kristin Helland

Innbytarar: Aurora Bratli, Angel Nguyen, Anna Haddal, Marita Myrvågnes, Mari Hatløy, Martine Holstad, Matilde Fjørtoft