2. august 2021

J8/9 på Havyard Cup

Det var god cupstemning i Fosnavåg denne helga.

Laurdag 1. juni var Hasundgot sine jenter 8-9 år på Havyard Cup i Fosnavåg.

I løpet av turneringa spelte jentene fire kampar, og alle fire endte i siger!

Jentene var derfor svært nøgde med å både få pokal, diplom og ei t-skjorte frå turneringa.

– Eit flott arrangement! skriv trenarapparatet til Hasundgot-redaksjonen.

Kjempeflott innsats, jenter! 😀