28. februar 2021

Lunde klar for Hasundgot

Hasundgot hentar Sondre Alyandro Lunde frå Flø.

Det er klart etter at 20-åringen signerte for Hasundgot i helga. Han vert med det den 12. spelaren klubben har henta denne sesongen som er aktuelle for herrelaget.

Sondre kjem frå Flø IL, der han i løpet av 2018-sesongen spelte fire kampar for grøntrøyene.

Før han melde overgang til Flø var han innom Hødd-systemet, der han sidan 2014 har vore innom G16, G19 og 6.-divisjonslaget Hødd 3.

No er Sondre klar for nye utfordringar i Hasundgot, og debuten kan kome allereie førstkomande torsdag når Hasundgot tek imot Stranda til vårens aller siste heimekamp.

Sondre er ein driftig og teknisk sterk spelar, som kan tilføre laget både kreativitet og kapasitet i det offensive leddet.

Velkomen til Hasundgot, Sondre!