Etter ei dramatisk avslutning fekk Hasundgot med seg alle poenga.
I mange kampar denne sesongen har Hasundgot slitt med å kome godt igang, men har etter kvart berga seg på tampen. Denne gongen var det så å seie motsett, og vertane starta bra på eiga heimebane.
Allereie etter dryge 6-7 minutt flikka Jørgen Kleiven nydeleg gjennom spydspiss Ruben Muren, som fekk perfekte forhold til å forsere mot Skodje sitt bur. Angriparen var kald som ein fisk, lobba ballen elegant over keeper og inn i mål.
Dette skjedde rett etter at Skodje var farleg frampå og skaut i treverket bak sisteskanse Joakim Rødven.
Etter scoringa måtte Rødven i aksjon både ein, to og tre gonger, men alle gongene vart bortelaget nekta adgang til nettmaskene.
Vikebladet (+): Nok ein siger for overraskingslaget Hasundgot
Men Skodje var tidvis svært farlege på dødball, og om lag 20 minutt spelt skulle gultrøyene få utteljing på eitt av dødballforsøka. Eit langt innkast gjekk mot Hasundgots mål, og i ein tøff duell framfor kassa var Nedim Mujic uheldig og stussa ballen i ein fin boge over eigen keeper. 1-1 på Hasundgot stadion.
I denne perioden var det mykje rot hos begge lag, og det berømte finspelet var ikkje å sjå verken hos Hasundgot eller Skodje. Heldigvis glimta vi til innimellom, og inne i overtida skulle vi få med oss ei svært viktig scoring.
Ballen vart slått ut til Johannes Meinseth på høgrekanten, som fekk slått inn frå sida mot den bakarste stolpen. Det stod Sebastian Kleven heilt umarkert, og nikka ballen inn til 2-1 for kvittrøyene. Perfekt tidspunkt å scora på, som sørgja for at vi fekk med oss ei leiing inn til pause.
For dei frammøtte må pausa truleg ha vart i vel ein halvtime, for det første kvarteret etter sidebytet var særdeles innhaldslaust med lite sjansar og mykje brot i spelet på grunn av hovudskadar (som heldigvis gjekk bra for begge lag).
Etter kvart som kampen begynte å dra seg til mot slutten begynte det derimot å bli meir liv. Temperaturen steig, taklingane vart tøffare og Skodje fekk omsider ein mann utvist etter to gule kort inne i overtida.
Skodje kunne også fort ha snike til seg eitt poeng heilt på tampen då eit frispark vart stussa forbi Hasundgot-målvakta, men dommartrioen annullerte scoringa for ein offside.
Fleire scoringar vart det derfor ikkje, og Hasundgot innkasserte årets fjerde trepoengar og ligg godt med i toppen på ein fjerdeplass, fem poeng bak serieleiar Sykkylven.
Kampfakta:
5.divisjon, runde 8
Hasundgot – Skodje 2-1 (2-1)
Hasundgot Stadion
Tilskodarar: om lag 60
Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL
Mål: 1-0 Ruben Muren (7), 1-1 Nedim Mujic (sm, 20), 2-1 Sebastian Kleven (45)
Laget (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Stian Pedersen, Sebastian Kleven – Johannes Meinseth, Ruben Muren, Jørgen Kleiven
Innbytarar: Kristian Sundal, Kristoffer Flø, Joakim Gustavsen, Nicolai Vik, Håvard Vik, Elias Rooney, Mats Bigset