OBOS: Vann jamn kamp mot Vanylven

Hasundgot sigra i den første av to mellomspelskampar i årets OBOS-cup.

Kampane mot Vanylven er alltid av den tøffe sorten. Det var derfor duka for ein spanande kamp då dei blåkledde kom på besøk til Hasundgot stadion søndag kveld for å kjempe om eit mogleg avansement i OBOS-cupen.

Medan vanylvingane allereie hadde vunne mot Langevåg tidlegare, kunne dei sikre gruppesigeren med siger over Hasundgot. Men det ville ikkje vertane ha noko av.

Sjølv om finspelet ikkje sat for nokon av laga innleiingsvis, var det ein heilt anna mentalitet innprenta i laget i opninga. Hasundgot har slitt med å sleppe inn tidleg dei siste kampane, men denne gongen skulle det gå nestene ein omgang før første baklengsmål skulle kome.

Men før den tid tok Hasundgot leiinga. Eit skot frå Stian Pedersen smatt mellom henda til ein uheldig Vanylven-keeper, og heimelaget tok leiinga halvvegs ut i 1. omgang.

Og leiinga kunne bli auka til 2-0 nokre minutt seinare då Johannes Meinseth vart lagt over ende inne i bortelagets målfelt; straffespark!

Fram gjekk Sebastian Kleven for å skyte frå 11-metersmerket, men forsøket vart enkelt redda av keeper Ådne Seljeset.

Vikebladet (+): – Eit styrketeikn å vinne denne kampen

Det straffa seg hardt, for dryge seks minutt før pause sette Vanylven igang ei god kontring, men med eit hardt skot frå skrått hald banka Mads Hovden inn 1-1 i det nærmaste hjørnet.

Utover i den andre omgangen handla mykje av spelet seg om duellar og kriging på midtbanen. Gjestene fekk ein enorm sjanse til å snike seg ei 2-1-leiing då det vart fritt rom framom målet til keeper Joakim Rødven. Heldigvis for Hasundgot vart avslutninga åleine med keeper sett utanfor.

Som i den første omgangen skulle Hasundgot få eit nytt forsøk frå 11-meteren. Midtbanespelaren Niklas Schmidt drog seg fint inn frå venstresida, og vart regelrett sparka ned i feltet.

Denne gongen var ansvaret for å ta straffesparket lagt på årets toppscorar så langt, Nicolai Molvær, og midtbanespelaren var nådelaus; 2-1 til Hasundgot!

Det siste kvarteret var det derfor berre om å gjere å tette igjen bakover, og det skulle heldigvis halde heilt inn.

Hasundgot sikra seg derfor ein god siger, som retta opp mykje av kjensla etter uavgjortresultatet mot Herd 2 tidlegare i veka, der vi rota det litt til for oss sjølve i 1. omgang.

No ventar ein skikkeleg tøffing når vi reiser til Ratvika førstkomande torsdag, der nyopprykka Aksla ventar.

Kampfakta

OBOS-cup
Hasundgot – Vanylven 2-1 (1-1)
Hasundgot stadion
Tilskodarar: ca 25
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy
Mål: 1-0 Stian Pedersen (24), 1-1 Mads Hovden (39), 2-1 Nicolai Molvær (str, 73)

Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Niklas Schimdt, Stian Pedersen, Sebastian Kleven – Johannes Meinseth, Jørgen Kleiven, Elias Rooney

Innbytarar: Kristian Sundal, Nicolai Molvær, Daniel Muren, Nicolai Vik, Håvard Vik