Sigeren glapp etter pause

Hasundgot leia 2-0, men måtte nøye seg med uavgjort på Godøya.

Etter ein triveleg busstur med godt sosialt lag, var det duka for ein beintøff bortekamp på Godøya for Hasundgot.

Men med sine grå og refleksgule bortedrakter kom Hasundgot godt igang.

Allereie i det fjerde speleminuttet snappa Jørgen Kleiven ei feilpasning i Godøy si bakre rekke, og gjekk rett på mål. Åleine med keeper var angriparen kontant; 1-0!

Godøy var farleg frampå ved eit par høve, men keeper Joakim Rødven hadde bestemt seg for at buret skulle vere reint denne omgangen.

Då smakte det godt med ei nydeleg kontring, der Nicolai Vik assisterte Kleiven til sitt andre mål for kvelden.

Med 2-0 til pause skulle den andre omgangen dreie seg om å knyte igjen sekken og nekte dei moglegheiter på dødballar. Men vertane skulle slå tilbake.

Etter ein god soloprestasjon fekk heimelaget redusering til 1-2 med ei avslutning frå skrått hald. Før dei seinare i omgangen utlikna til 2-2 med ei nesten identisk scoring.

Ingen av laga klarte å finne den avgjerande scoringa, og begge lag måtte innsjå at det vart ei poengdeling. Truleg eit resultat ingen av laga var spesielt nøgde med.

Skuffinga kan Hasundgot riste av seg allereie søndag, når det skal spelast om eit mogleg avansement i OBOS-cup.

OBS: Gledeleg at nykomaren James Sjåstad fekk debuten sin for Hasundgot etter å ha kome inn frå benken i 2.omgang!

Kampfakta

5.-divisjon

Godøy – Hasundgot 2-2 (0-2)

Godøy KGB

Dommar: Arild Vegsund, Norborg, IL

Mål HIL: 1-0 Jørgen Kleiven (4), 2-0 Kleiven (36)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Sebastian Kleven, Stian Pedersen, Nicolai Molvær – Jørgen Kleiven, Nicolai Vik, Daniel Muren

Innbytarar: Mats Bigset, Niklas Schmidt, James Sjåstad, Håvard Vik, Cato Veien, Kristoffer Flø, Elias Rooney