Forsterkar stallen med ex-høddar.
Den siste tida har James Kenneth Sjåstad fått testa seg på treningsfeltet hos Hasundgot. Etter å ha signert overgangspapira under tysdagens trening, gjekk overgangen gjennom onsdags morgon.
Den tidlegare Hødd-spelaren er derfor speleklar når hans nye klubb reiser til Godøya torsdag.
I Hødd har James spelt for klubbens G16 og G19-lag, i tillegg til 6.-divisjonslaget Hødd 3 i 2017. Men no er han klar for nye utfordringar i kvitt og raudt.
James har ikkje spelt obligatoriske kampar sidan 4-0-tapet mot Gjerdsvika/LGFK i 6.-divisjon for vel halvanna år sidan, men har vist lovande takter på feltet og.
19-åringen er ein hurtig spelar med god teknikk, som kan nyttast i fleire offensive posisjonar. I Hødd hadde han også eit bra scoringssnitt dei siste par sesongane, med 11 mål på 14 kampar (uavhengig av alderstrinn).
Vi ønskjer James velkomen til Hasundgot!