3. desember 2021

Ute av OBOS-cupen

Med uavgjort ville Hasundgot ta seg vidare frå mellomspelet, men Langevåg vart for sterke.

På ei særdeles vindfull bane vart det eit vanskeleg utgangspunkt då Hasundgot gjesta Langevåg kunstgras søndag ettermiddag for å spele siste kamp i mellomspelet av årets OBOS-cup.

Med siger over Vanylven i den førre kampen ville Hasundgot ta seg vidare til semifinalen med uavgjort eller betre, ettersom Langevåg tapte mot vanylvingane i den første kampen.

Det vart derimot tøft i starten, i motvinden. Etter angrep på Hasundgots venstreside scora Langevåg både eitt og to mål før pause, som gjorde at Hasundgot måtte dra fram noko spektakulært i den andre omgangen for å dra i land avansementet til sluttspelet.

Men i staden la Langevåg på til 3-0 etter sidebytet etter ei kontring i midten, før sluttresultatet vart fastsett til 4-0 etter eit innlegg frå heimelagets høgreside.

Det vart derfor ingen stor ettermiddag å skryte av for Hasundgot-karane, som måtte konstatere at OBOS-cupeventyret for denne gong er over.

Seriespelet held derimot fram allereie torsdag igjen, når Stranda kjem på besøk. Det kan Hasundgot dra nytte av, for Stranda får berre tre dagar kvile ettersom dei også skal spele mot Herds 2.-lag måndag kveld.

Kampfakta

OBOS-cup
Langevåg – Hasundgot 4-0 (2-0)
Langevåg KGB
Dommar: Taher Tamimi, Ørsta IL

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Stian Pedersen, Nicolai Vik – Elias Rooney, Kristoffer Flø, Håvard Vik

Innbytarar: Kristian Sundal, James Sjåstad, Sebastian Kleven, Niklas Schmidt, Joakim Gustavsen