Herrelaget gjer seg klare til vårens aller siste seriekamp.
Comebacksesongen i 5.-divisjon starta svært bra og kvittrøyene var godt med i toppen store delar av våren. Etter ein god start står derimot Hasundgot no med éin siger på dei fem siste kampane.
Det vert derfor svært viktig å avslutte våren med ein opptur mot Ellingsøy, som før oppgjeret ligg på sisteplass med 7 poeng etter 10 spelte serierunder.
Alle poenga som Ellingsøy har samla inn i vår har kome på heimebane, medan Hasundgot har teke poeng i tre av fem bortekampar hittil. Så det vert eit interessant oppgjer på Nes stadion torsdag kveld.
Hasundgot har hatt utfordringar med skadar dei siste par vekene, men stiller med ei slagkraftig tropp som skal bite godt ifrå seg.
Med lang bortekamp er det lagt til rette for ein avslappande busstur til andre sida av fjorden, og tilskodarar som ynskjer å bli med er hjarteleg velkomne til å bli med i spelarbussen. Sjekk ut vår Facebook-hending for meir informasjon!
Siste fem kampar
Hasundgot:
- Stranda (H): 0-1
- Godøy (B): 2-2
- Skodje (H): 2-1
- Aksla (B): 2-1
- Herd 2 (H): 3-3
Ellingsøy:
- Volda 2 (B): 1-0
- Stranda (H) 1-3
- Vigra (B): 8-0
- Godøy (H) 3-1
- Sykkylven (B): 7-0
Førebels tabell
Kampdetaljar
5.-divisjon, runde 11
Ellingsøy – Hasundgot
Nes Stadion, Ellingsøy
Dommar: Kristoffer Nevstad, Aksla IL
Avspark: torsdag 4. juli klokka 18.30
Tropp
Hasundgot reiser med følgjande mannskap:
Joakim Rødven, Kristian Sundal, Cato Veien, Elias Rooney, Håvard Fiskaa, Håvard Vik, James Sjåstad, Kristoffer Flø, Marius Muren, Nicolai Molvær, Niklas Schmidt, Sander Ringstad, Sebastian Kleven, Simon Spjutøy, Sondre Lunde, Stian Pedersen, Svein Eirik Ertesvåg, Thomas Gjerde