Siger i vårens siste kamp

Stian Pedersen (2) har ballen i kampen mot Ellingsøy.

Ellingsøy fekk ein pangstart, men etter ein slitesiger tok Hasundgot årets femte siger.

Hittil i år har Hasundgot vore trufast mot ein sentral trear med to offensive kantar og ein midtspiss. Mot botnlaget Ellingsøy ønskte Dimnøy-laget å forsøke seg i ein 4-4-2 med diamant på midten.

Om det var formasjonen eller om det var mentalt er vanskeleg å seie, men på Nes stadion sleit kvittrøyene med å få spelet til å sitje i opninga.

Det vart mange balltap og lite oppbyggande spel, noko som gjorde at det var ein rotete start på vårsesongens siste seriekamp.

Då straffa det seg hardt då vertane fekk tildelt eit frispark på 20 meters hald.  Ei perfekt avslutning suste inn i det lengste krysset, via stolpen. 1-0 til Ellingsøy etter 8 spelte minutt.

Men Hasundgot skulle kome sterkare tilbake. Ei omlegging til den vante formasjonen gjorde at vi fekk jobba oss inn i oppgjeret igjen.

Vikebladet: – Vi vinn fullt fortent (+)

Rundt halvtimen spelt skulle utteljinga endeleg kome. Eit solid innlegg frå debutant Sondre Lunde gjekk mot spydspiss Cato Veien. Første forsøk gjekk ikkje i mål, men på returen kom Stian Pedersen på eit sugande løp og plasserte inn utlikninga.

Laga var like langt til pause, og då var kampen «up for grabs» i den andre omgangen.

Keeper Joakim Rødven heldt på å gjere det litt for spanande då han brukte i overkant god tid med å få ballen opp i banen og sparka ballen rett i ein pressande Ellingsøy-spelar. Heldigvis slapp sisteskansen unna denne gongen og ballen vart klarert unna til slutt.

Då gjorde det godt då Elias Rooney hadde bestemt seg for å teikne seg på scoringslista. Tidleg i den andre omgangen rulla Hasundgot fint opp, og ballen hamna ute på venstrekanten hos Elias. Angriparen drog seg inn frå kanten og plasserte ballen kontrollert i det lengste hjørnet. 2-1 – og snuoperasjonen var komplett!

Utover i omgangen vart det mykje fram og tilbake, der det gjekk lenge mellom kvar av dei store høgdepunkta. Ellingsøy hadde nokre skumle overgangar, men klarte aldri å få inn den andre scoringa for kvelden.

Hasundgot sikra seg derfor sin femte siger for sesongen og tek sommarferie på ein førebels 5.-plass, to poeng bak tabelltrear Hovdebygda (som Hasundgot spelar mot i første kamp etter ferien).

No handlar det om å lada batteria godt i sommar og gjere seg klar til ein spanande og intens haust. Vi gler oss allereie!

Kampfakta

5.-divisjon, runde 11
Ellingsøy – Hasundgot 1-2 (1-1)
Nes stadion
Ca. 10 tilskodarar
Dommar: Kristoffer Nevstad, Aksla IL
MÅL HIL: 1-1 Stian Pedersen, 2-1 Elias Rooney

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Niklas Schmidt, Thomas Gjerde, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Stian Pedersen, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær, Kristoffer Flø – Cato Veien, Sondre Lunde

Innbytarar: Kristian Sundal, Svein Eirik Ertesvåg, Daniel Muren, Håvard Vik, Elias Rooney, James Sjåstad, Sander Ringstad

SLITESIGER: Hasundgot vann 2-1 etter å ha lege under 1-0 mot Ellingsøy. Stian Pedersen (nr 2) scora eitt av måla. FOTO: Erik Heimdal/Vikebladet Vestposten

Jubelscene etter kampslutt