Denne helga startar årets Norway Cup, der Hasundgot har lag med.
Det er lenge sidan Hasundgot IL har vore å sjå på den største barnefotballturneringa i verda, men i 2019 er vi tilbake i aksjon på Ekebergsletta og dei andre nærliggande banene.
I år er det fire Hasundgot-lag som skal kjempe om cupgull den komande veka, og dette er Gutar 14, Gutar 16, Gutar 19 og Jenter 13.
Gruppespelet startar søndag før sluttspelet, anten det er A-slutt eller B-slutt, tek til onsdag/torsdag.
Desse klubbane skal dei ulike laga møte:
Gutar 14
I gruppa til G14 er det fem lag, der fire av dei er norske. Det siste laget er frå Libanon. Laga dei møter er:
- WA (Libanon)
- Raumnes & Årnes Team Nes
- Fyresdal IL
- Nordby IL 2
Kampoppsett for G14 finn du på Norway Cup si heimeside her.
Gutar 16
I gruppa til G16 er det fire lag, der alle er norske. Laga dei møter er:
- Osterøy IL
- Malvik IL
- Håkvik IL.
Kampoppsett for G16 finn du på Norway Cup si heimeside her.
Gutar 19
I gruppa til G19 er det fire lag, der alle er norske. Laga dei møter er:
- Skjold
- Gjelleråsen
- Holmlia SK
Kampoppsett for G19 finn du på Norway Cup si heimeside her.
Jenter 13
I gruppa til J13 er det fem lag, der alle er norske. Laga dei møter er:
- Lyn Fotball
- Lillestrøm LSK Tiur
- KFUM-Kam. Oslo
- Nordre Fjell Fotball /IL Skjergard.
Kampoppsett for J13 finn du på Norway Cup si heimeside her.
Vi ynskjer alle fire lag lukke til!