Blytung start på hausten

Det gjekk ikkje heilt vegen då Hovdebygda kom på besøk i første haustkamp.

Etter litt over ein månads spelefri, var det endeleg klart for første seriekamp etter ferien torsdag kveld.

Hasundgots motstandarar, Hovdebygda, gjekk på eit overraskande tap då laga møttest i vår. Det var noko dei tydeleg ville rette opp denne gongen.

Kampen var knappe 10 minutt gamal då gjestene frå Ørsta fekk setje i gang ei kontring på si venstreside. Ballen vart slått «45 grader ut» og ein bestemt Bjørnar Holen banka inn 1-0 for gjestene.

Men heimelaget skulle kome tilbake. Eit nydeleg arbeid av venstrekant James Sjåstad sørgja for at ballen suste inn i det nærmaste hjørnet halvvegs ut i omgangen.

Gleda vart derimot av det korte slaget. I eit forsøk på å setje igang spelet hurtig ved å spele kort, snappa bortelaget ballen og sette inn 2-1 dryge tre minutt seinare ved Daniel Malakzadeh.

Hovdebygdas tredje scoring for kvelden kom like etter, nok ein gong signert Bjørnar Holen. Angriparen fekk altfor lette arbeidsforhold inne i Hasundgots 16-meter, og sette inn 3-1 i det lengste hjørnet.

Utover i den andre omgangen var det svært få sjansar å skrive heim om, men innbytarane Elias Skeide Rooney og Sondre Lunde hadde kvar sin sjanse som med litt tur kunne ha endt i scoring.

Mål nummer to og tre kom dessverre aldri, og vi måtte konstatere at sesongens fjerde tap var eit faktum.

Då er det berre å brette opp erma, få inn ei god treningsveke og sjå framover til neste kamp.

Kampfakta

5.-divisjon, 12. runde
Hasundgot – Hovdebygda 1-3 (1-3)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilskodarar
Dommar: Abbas Tamimi, Ørsta IL
MÅL: 0-1 Bjørnar Holen (9), 1-1 James Sjåstad (22), 1-2 Daniel Malakzadeh (25), 1-3 Holen (30)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Stian Pedersen – Jørgen Kleiven, Cato Veien, James Sjåstad

Innbytarar: Mats Bigset, Kristoffer Flø, Odd Hatløy, Sondre Lunde, Elias Rooney, Håvard Vik