Dame: klar for første kamp i haust

Onsdag reiser damelaget til Hessa for å spele første kamp i haustsesongen.

Fleire av kampane i vår var både jamne og tette, men dessverre gjekk ikkje marginane Hasundgots veg. Det var derfor berre det eine poenget dei første seks kampane; heime mot Skodje.

Onsdag kjem første moglegheit til å ta årets første siger når damene reiser til Hessa for å spele mot SIF/Hessa.

Laga møttest i serieopninga i april, og den gongen vart det tap 14-4 mot Ålesund-laget. Laget har derimot teke store steg sidan den gong og har fått langt fleire treningar saman.

Det er førebels ingen nye spelarar i troppen, men nokre nye ansikt har vore innom på treningane for å prøve seg.

Overgangsvindauget for breidde fotballen er 10. september, så det gjenstår å sjå om det vert nokre nye signeringar før fristen går ut.

Til onsdag stiller Hasundgot med ei stor og brei tropp, som er spenna klare til å kjempe om nye poeng.

Førebels kamptropp

Angel, Astrid, Aurora, Hedda, Ingrid, Karoline, Kristin M., Mari H., Mari S., Marita, Martine, Matilde

Kampfakta

Kvinner 7ar, runde 8
SIF/Hessa – Hasundgot
Hessa stadion
Avspark: onsdag 21.8 kl. 20.00