Dame: tapte borte mot SIF/Hessa

Det vart ein lang tur til Hessa onsdag.

Medan nokre av laga starta allereie i førre veke, spelte Hasundgot sitt damelag første seriekamp i haust i går, onsdag.

Det var mot SIF/Hessa, som vi også møtte i første seriekamp i vår. Den gongen vart det tap 14-4 på Hasundgot stadion, noko damene ønskte å revansjere når det var klart for motsett oppgjer i Ålesund.

I starten av kampen var det jamt mellom laga, og sjølv om det var vertane på Hessa KGB som hadde ballen mest i opninga var Hasundgot ikkje langt unna å skape nokre gode moglegheiter.

Men etter kvart byrja dei raud-svarte å ta meir og meir over kampen. Takka vere solide redningar av keeper Karoline Breivik heldt Hasundgot seg derimot inne i kampen lenge.

Midtvegs i den første omgangen skulle der derimot gleppe. Brita Flusund smatt gjennom og sette inn 1-0 for heimelaget.

Då gjekk laget litt i oppløysing og i løpet av dei neste sju minutta stod det plutseleg 5-0 til SIF/Hessa.

Det kunne verke som at vi ikkje var heilt klare for å starte den andre omgangen, for berre 30 sekund etter sidebyttet kom scoring nummer seks.

Etter det tok vi oss litt saman, og hadde ein sekvens på 10-15 minutt med litt betre struktur. Men det var ingen tvil om kven som skulle gå sigrande ut av oppgjeret, og heimelaget stoppa på stillinga 10-0.

Kampen vart  stoppa litt tidlegare, med dryge 5 minutt, for å vere sikre på at 22.10-ferja skulle rekkast. For vår del var det kanskje like greitt å runde av kampen litt før den skulle 😅

No ventar ei veke «spelefri», som legg til rette for ei god treningsveke før vi tek imot Emblem på Hasundgot stadion i veke 36. Då er vi sikre på at årets første siger kjem!

Kampfakta

Kvinner 7ar, runde 8
SIF/Hessa – Hasund 10-0 (5-0)
Hessa KGB
Ingen gule/raude kort

Laget: Karoline Breivik – Astrid Breivik, Hedda Strømberg – Martine Holstad, Kristin Marø, Hari Hatløy – Matilde Fjørtoft

Innbytarar: Angel Nguyen, Aurora Dimmen Bratli, Mari Sundgot, Ingrid Sundnes