Dommarliste hausten 2019

Her er dommarliste for haustsesongen.

Neste veke startar seriespelet igjen etter sommarferien.

Dommaransvarleg Dagfinn Tjervåg har derfor laga ei dommarliste for hausten 2019 i dei kampane det ikkje er sett opp dommarar frå kretsen. Trenarar og lagleiarar bør gjere seg kjende med denne lista.

Det vert oppmoda om at lagleiarar tek kontakt med oppsett dommar seinast to dagar før avspark for å vere sikker for å vere sikker på at dommar er klar til kamp.

Ved eventuell flytting av kamp må dommar varslast om dette.

Til slutt i dommarlista ligg også telefonnummer til dommarar i Hasundgot IL.

OBS: Ved eventuelle feil i dommarlista, ta kontakt med dommaransvarleg Dagfinn Tjervåg (tlf. 48314063 eller e-post dagfinn.berg.tjervaag@if.no)