Dramatikk då Hasundgot tapte på overtid

Vi fekk ein kanonstart på oppgjeret, men måtte dra tomhendte heim frå Langevåg.

Det vart ein kamp som testa kjensleregisteret hos både heime- og bortelaget då Hasundgot og Langevåg møttest til dyst torsdag kveld.

Serietoar Langevåg var klare favorittar før oppgjeret, men det var Hasundgot som kom best igang.

Sebastian Moldskred Kleven sørgja for at dei kvitkledde tok leiinga allereie i det 6. speleminuttet då han drog seg inn frå venstre og banka ballen inn i det nærmaste hjørnet.

Langevåg yppa seg framover, men i eit skikkeleg pjuskevêr var det Hasundgot som var mest effektive framom målet. Rundt halvtimen spelt vart eit frispark på midtbanen banka inn i feltet, og etter ei svak klarering fekk Nicolai Vik heade inn til spissmakkar Ruben Muren. Muren pirka ballen inn i kassa; 2-0!

Vikebladet Vestposten: – Vi held nivået

Liknande situasjon var Hasundgot i også i vår då vi møttest sist, der vi leia 2-0 mot dei gule og blå. Då vart det litt deja vu då eit langskot frå Langevåg skrudde seg inn forbi keeper Joakim Rødven like før pause.

Men med 1-2 til pause hadde vi likevel ei fordel før den 2. omgangen. Den fordelen vart utjamna dryge sju minutt etter sidebyte då eit innlegg frå heimelagets venstreside fann ein umarkert angripar på bakarste. Laga var like langt igjen.

(Saka held fram under biletet)

Håvard Strand.
DEBUTANT: Håvard Strand debuterte for Hasundgot IL, og gjorde ein god kamp på midtbanen.

Snuoperasjonen vart eit faktum då ein Langevåg-angripar smatt gjennom i midten og fekk angripe rett på målet vårt. Ein frekk chip gjekk akkurat over ein utrusande keeper, og ballen humpa over streken.

Siste ordet var derimot langt ifrå sagt, og to minutt inn i overtida fekk innbytar Sander Gjerde kriga inn 3-3 på dødball. Hasundgot var i ekstase, Langevåg i fortviling.

Dei rollene vart snudd heilt om eit lite minutt seinare, for Langevåg gjekk rett i strupen på Hasundgot og fekk pirka inn 4-3 etter at eit innlegg frå høgre vart kontant satt i mål.

Det var det siste som skjedde i kampen. Etter å ha vore så nærme å klamre til oss eitt poeng, sit vi altså igjen med null poeng siste to kampane.

Då vert det desto viktigare å få med oss eit resultat mot serieleiar Sykkylven neste veke, for å kickstarte ein lei start på denne haustsesongen.

Kampfakta

5. divisjon, runde 13
Langevåg – Hasundgot 4-3 (1-2)
Langevåg Stadion
Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL
Mål: 0-1 Kleven (6), 0-2 R. Muren (30), 3-3 Gjerde (90)

Laget (4-1-3-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Cato Veien, Jørgen Kleiven – Stian Pedersen – Håvard Strand, Nicolai Molvær, Sebastian Kleven – Ruben Muren, Nicolai Vik

Innbytarar: Odd Hatløy, Jonas Overå, Kristoffer Flø, Mats Bigset, Isak Sundgot, Sander Gjerde

Kreditering toppbildet: Erik Heimdal/Vikebladet Vestposten