Endeleg er det klart for seriestart i haustsesongen.
Hasundgot har hatt ein godkjent start på årets sesong og ligg etter 11 serierunder på ein 5.-plass, fem poeng bak serietoar Langevåg.
Sesongen starta med tre sigrar på dei fem første, etterfulgt av to sigrar dei neste seks. Dei andre kampane har endt i tre uavgjorte og tre tap.
Med ein total poengfangst på 18 poeng i vår ligg vi i rute om å klare ei plassering midt på tabellen, men med mange variablar som spelar inn (med tanke på nedrykk frå 4.-og 5.-divisjon) er det framleis mykje å spele om for å vere sikra vidare spel i divisjonen neste sesong.
Og Hasundgot får ei knalltøff opning på hausten som dei må kjempe seg gjennom for å få ein god start.
Første kamp er mot tredjeplassen Hovdebygda, før vi reiser til Langevåg for å revansjere eit tap i OBOS-cupen i vår. Deretter tek vi i mot serieleiar Sykkylven, som påførte oss årets første tap på Ikornnes i mai.
Spelarar inn og ut
Som mange andre klubbar, er det endringar i troppa ettersom nokre har vald å flytte på seg for å studere eller for å avtene førstegangsteneste.
Niklas Schmidt og Daniel Muren har begge flytta for å studere, medan Joakim Gustavsen (som spelte nokre kampar før sommarferien) har reist attende til Oslo for å halde fram med studiar ved Politihøgskulen.
I tillegg har Johannes Meinseth reist for å starte på førstegangsteneste.
Førebels er det ingen nysigneringar i løpet av sommaren, men ein offensiv spelar med fortid i mellom anna Hødd er ikkje langt unna ein overgang.
Ringreven Lars Henrik Hasund har også gjort eit comeback på trening etter ei tid ute, medan keeper Kim Hansen har også starta å trene igjen etter ei hektisk tid med husoppussing og barnefødsel.
Det er også nokre spanande spelarar som bankar på døra frå både G19 og G16, som har fått prøve seg på nokre a-lagstreningar etter ferien.
Skadar og suspensjonar
Då Hovdebygda og Hasundgot møttest i motsett oppgjer i vår, vart det eit heseblesande oppgjer med tre raude og fire gule kort. Forhåpentlegvis blir det ikkje like hektisk for dommar Abbas Tamimi denne gongen.
Til kampen er det ingen spelarar som må sone som følgje av raude kort eller oppsamling av gule kort. Det er heller ingen som står i fare for å sone skulle det bli eit gult kort i den komande kampen.
Med tanke på skadar, er troppa stort sett frisk og rask. Så gjenstår det å sjå om forma er like god som før ferien.
Førebels kamptropp
Joakim Rødven, Marius Muren, Stian Pedersen, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa, Lars Henrik Hasund, Håvard Vik, Cato Veien, Jørgen Kleiven, James Sjåstad, Sondre Lunde, Kristoffer Flø, Elias Rooney, Mats Bigset, Odd Hatløy, Simon Spjutøy
Kampdetaljar
5.-dvisisjon, runde 12
Hasundgot – Hovdebygda
Hasundgot KGB
Avspark torsdag 15. august, kl. 18.30
Dommar: Abbas Tamini, Ørsta IL
Ass. dommar: Birger Breivik (Volda), Oddbjørn Aam (Åmdal)