Vi reiser over fjorden i haustens andre seriekamp.
Det vart ein skuffande start på haustsesongen sist veke då Hovdebygda vart to nummer for sterke på Hasundgot stadion. Like skuffa var også Kjell «Kjellen» Bigset, som omtala tapet mot Hovdebygda på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik.
Oppgåva vert ikkje noko enklare denne runden, når vi gjestar serietoar Langevåg. Dei blågule står med tre strake sigrar i serien, deriblant ein 7-1-siger over Skodje før ferien.
Då laga møttest i vår vart det ein absurd kamp på Hasundgot stadion, der eit ufyseleg snøvêr gjorde at det såg meir ut som ein treningskamp i mars enn ein seriekamp i mai.
Hasundgot leia den kampen 2-0 til pause, før Langevåg kom tilbake og sikra eitt poeng ti minutt før full tid.
Laga møttest også i mellomspelet av OBOS-cupen i slutten av juni, der Langevåg var det klart beste laget og sikra seg ein komfortabel 4-0-siger. Ingen av laga gjekk derimot vidare frå mellomspelet, ettersom Vanylven gjekk vidare på betre målforskjell.
Ser ein bort frå OBOS-cupen har vi derimot hatt ein relativt brukbar bortestatistikk denne sesongen, og har teke poeng i fire av seks kampar borte frå Dimnøya.
Til kampen manglar vi ein god del spelarar på grunn av skuleutflukt på idrettslinja, men trenarane Per og Øystein har mange spelarar å velje mellom – og har plukka ut ei solid tropp som møter til dyst på Sula.
Dette kan også verte den første kampen til nykomar Håvard Hjorthaug Strand, som onsdag vart klar for Hasundgot og er dermed speleklar for sin nye klubb i kveld.
Oppgjer mellom laga
- Langevåg 4 – 0 Hasundgot (23.06.2019 – OBOS Cup Menn Mellomspill Avd. 3)
- Hasundgot 2 – 2 Langevåg (02.05.2019 – 5. div. menn)
- Langevåg 1 – 0 Hasundgot (12.09.2013 – 5. div. menn)
- Hasundgot 2 – 5 Langevåg (22.05.2013 – 5. div. menn)
Tropp
1 Joakim Andreas Yksnøy Rødven
2 Stian Pedersen
3 Odd Hofseth Hatløy
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Marius Hauge Muren
6 Sebastian Moldskred Kleven
7 Nicolai Haddal Molvær
8 James Kenneth Sjåstad
15 Sander Michael Ringstad
16 Nicolai Fjørtoft Vik
17 Håvard Hjorthaug Strand
19 Kristoffer Flø
22 Sondre Alyandro Lunde
23 Mats Bigset
10 Ruben Hauge Muren
11 Jørgen Skogestad Kleiven
13 Sander Nedreberg Gjerde
20 Cato Veien
Kampdetaljar
5.-divisjon, runde 13
Langevåg – Hasundgot
Langevåg KGB
Dommar: Richard Olsen (Åmdal)
Ass. dommar: Arild Hagen Bye (Valder), Oddbjørn Aam (Åmdal IL)
Avspark torsdag 22.8, kl 18.30