Torsdag kjem serieleiaren på besøk.
Det har ikkje vore altfor mykje å juble over i dei to første kampane for herrelaget denne hausten. Det starta med eit skuffande tap mot Hovdebygda, etterfulgt av eit svært surt tap på overtid mot Langevåg i neste kamp.
Sjølv om det prestasjonsmessig var betre mot Langevåg, vart det likevel tap. Etter desse kampane har laget fått snakka ut om kva som må gjerast for å løfte seg i dei komande kampane.
Torsdag er det klart for eit nytt oppgjer mot endå eit topplag, når serieleiar FK Sykkylven kjem på besøk.
Då laga møttest i vår vart det ei relativ éisidig affære, der sykkylvingane vann komfortabelt 4-0. Første scoring kom allereie i det første speleminuttet, og den fjerde og siste scoringa kom før timen var passert.
Delta på vår Facebook-hending!
I haust har vi eit klart mål om å rette opp inntrykket, sjølv om det ventar ei stor utfordring mot seriens (føreløpige) beste lag.
Skadar og suspensjonar
Thomas Gjerde har slitt med ein skade i ryggen sidan kampen mot Hovdebygda, og er dessverre ikkje klar enno.
I kampen mot Langevåg sist fekk Nicolai Molvær ein kraftig smell i handa, og sjølv om vi frykta eit brot gjekk det heldigvis bra. Midtbanespelar var i aksjon då G19 møtte Hødd på Høddvoll måndag, og er klar til kamp igjen torsdag.
Elles er det ein relativt frist og raskt gjeng som stiller til dyst.
Ingen spelarar må stå over som ei følgje av karantene, men både Stian Pedersen og Jørgen Kleiven står med tre gule og er eitt kort unna suspensjon.
Førebels tropp
Joakim Rødven, Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa, Håvard Hjorthaug Strand, Sebastian Moldskred Kleven, Nicolai Haddal Molvær, Nicolai Vik, James Sjåstad, Kristoffer Flø, Stian Pedersen, Ruben Muren, Jørgen Skogestad Kleiven, Cato Veien, Elias Skeide Rooney, Isak Sundgot, Sander Gjerde
Kampdetaljar
5.-divisjon, runde 14
Hasundgot – Sykkylven
Hasundgot stadion
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy IL)
Ass. dommarar: Harald Jan Ullahamar (Ellingsøy IL), Per-Inia Brekke (Hareid IL)
Avspark: 19.00