Tok leiinga etter eitt minutt, men tapte til slutt.
Vårsesongen vart ei positiv oppleving for Hasundgot-juniorane, som med berre eitt tap heile våren tok tabelltopp i 3.-divisjon.
På grunn av mange fråfall i både 2.- og 3.-divisjon vart dei to divisjonane slegne saman til hausten, som betydde at også i haust skulle Hasundgot møte byrival Hødd.
Då laga møttest i vår vart det høvesvis 4-4 og 3-2-siger til Hasundgot, men måndag kveld skulle dei blåkvite få sin revansje.
Elias Rooney Skeide sørgja for ein pangstart for Hasundgot med scoring i det første speleminuttet, då han fossa framover og sette ballen sikkert i nota åleine med keeper.
Men Hødd kom seg inn i kampen igjen då Erik Kleven Flø utlikna til 1-1 ti minutt seinare, før kampen vart snudd på hovudet då Marcus Dimmen sette inn 2-1 for Hødd like før pause.
Ifølgje trenar Lars Breivik vart det noko sløvt forsvarsspel etter opningsminutta, som gjorde at det vart to rotemål før kvilen.
I pausen vart det gjort litt taktiske grep for å få meir kontroll i dei bakre rekkene, og hadde så å seie full kontroll bakover i banen. Offensivt vart Hasundgot ståande og stange utan å lykkast, til tross for at dei skapte 7-8 gode moglegheiter. Dessverre vart sjansane anten skote utanfor – eller avvinka for offside.
Hødds Mathias Meli Hjelle fekk to gule kort mot midten av den andre omgangen, men Hasundgot makta ikkje å utnytte overtalet dei siste 20 minutta av oppgjeret.
Det vart derfor eit svært bittert tap på Høddvoll, men gutane får ein sjanse til å slå tilbake når dei tek imot SIF/Hessa på Hasundgot stadion måndag neste veke.
Kampfakta
G19, 2.div
Hødd – Hasundgot 2-1 (2-1)
Høddvoll
Dommar: Tor Henning Andersen (Hareid IL)
MÅL: 0-1 Elias Rooney Skeide (1), 1-1 Erik Flø (11), 2-1 Marcus Dimmen (38)
Hasundgots tropp: Heine Ljones Kulø, Erik Hatløy, Petter Overå, Odd Hofseth Hatløy, Loke Mork, Aleksander Marø Vågen, Simon Haddal Spjutøy, Håvard Aarsand Vik, Nicolai Haddal Molvær, Daniel Rokseth Skeide, Stian Pedersen, Marcus Nilsen Nytun, Jonas Våge Overå, Sander Michael Ringstad, Sander Nedreberg Gjerde, Elias Skeide Rooney