Klart for keeperskule på Hasundgot

Meld deg vår keeperskule 28. september!

I samarbeid med Sunnmøre Fotballkrets er Hasundgot svært glade for å kunne arrangere keeperskule på Hasundgot stadion laurdag 28. september.

Denne keeperskulen går over éin dag, og varer frå klokka 12.00 – 16.00. Uansett alder og nivå er du hjarteleg velkomen.

Opplegget er heilt gratis å delta på!

Er dette noko for deg? Her er elektronisk påmeldingsskjema til vår keeperskule!

Program

Dagen vil verte delt inn i to økter, som begge varer om lag 1,5 time. Det vert ei matpause mellom dei to øktene. Utøvarar vert oppmoda om å ta med eigen nistepakke. I tillegg vert det servert frukt på klubbhuset.

Temaa for keeperskulen vil vere som følgjer:

Økt 1

  • Oppvarming
  • Grep
  • Kort fallteknikk
  • Mellomsteg
  • Innlegg
  • Innlegg med kontring
  • Tilbakespel
  • Uttøying

Tid ca: 1t 30 min

Økt 2

  • Oppvarming
  • Utkast
  • Utspel
  • Keeperkrig, konkurranse

Tid ca 1t 30 min

Instruktørar

Øktene vil verte instruert av Martin Løset (Hasundgot IL) og Edvard Rekdal (Sunnmøre Fotballkrets).

For spørsmål, ta kontakt med Martin Løset på telefon 48017923 eller ved å sende e-post til fotball@hasundgot.no.