Ny perlescoring, men tapte til slutt

Serieleiaren var effektive då dei sikra seg sigeren på Hasundgot stadion.

Som mot Langevåg sist veke, fekk Hasundgot ein pangstart på kampen då Nicolai Molvær sendte i veg eit prosjektil utanfor Sykkylvens 16-meter. Ballen fauk inn i hjørnet; fantastisk scoring til 1-0.

Men Sykkylven slo kraftig tilbake.

Midtvegs i den første omgangen fekk Bengt Alnes vendt seg unna etter eit innkast og banka kontant inn 1-1.

Same mann snudde til 1-2 inne like før pause då han fekk krige inn ballen å eit hjørnespark.

I pausen vart vi derfor einige om å brette opp erma etter sidebytet.

Men den andre omgangen starta på verst tenkeleg vis. Eit tilsynelatande ufarleg innlegg frå venstre skulle berre plukkast ned av keeper Joakim Rødven, men sisteskansen miste ballen rett til Elias Urke som heada en i mål.

Rundt timen spelt fekk gjestene tildelt eit straffespark etter ei felling i Hasundgots målfelt, og tomålsscorar Alnes gjekk fram.

Frå 11-meteren var spissen sikker; 4-1 til dei mørkeblå.

Og Alnes var ikkje ferdig der. Treminutt seinare smatt han gjennom midten og plasserte ballen kontrollert i mål åleine med Rødven.

Stian Pedersen sørga for ei trøystescoring i det 68. speleminuttet, mn det var dessverre ikkje nok tid til å hente inn att leiinga.

Etter torsdagens oppgjer er Hasundgot ferdig med alle dei tre topplaga. No ventar ein endå tøffare «fight» mot laga vi ligg rundt, i kampen om å sikre oss ein plass på øvre halvdel.

Neste kamp er borte mot Vigra, ein kamp vi verkeleg har slitt i tidlegare år.

Kampfakta

5.-divisjon, runde 14

Hasundgot – Sykkylven 2-5 (1-2)

Hasundgot stadion

Mål HIL: 1-0 Nicolai Molvær (5), 2-5 Stin Pedersen (68)

Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy

Laget (4-1-3-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Cato Veien, Nedim Mujic, Jørgen Kleiven – Stian Pedersen -Håvard Strand, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær – Ruben Muren, Nicolai Vik

Innbytarar: Håvard Fiskaa, Simon Spjutøy, Kristoffer Flø, James Sjåstad, Sondre Lunde, Elias Rooney, Håvard Vik