Snart seriestart for haustsesongen

Straks begynner seriefotballen å rulle igjen etter ei velfortent sommarpause.

Etter ein månads tid med sommarpause, med unntak av dei laga som har vore på Norway Cup førre veke, startar dei fleste lag opp att med trening dei nærmaste dagane.

Det er derfor ikke lenge igjen til seriespelet startar på nytt på Hasundgot stadion. Det er derfor viktig at laga sine trenarar følgjer med på når det er kampar på stadion, slik at det ikkje kolliderer med trening.

Oversikt over kampar på Hasundgot stadion kan ein finne på fotballforbundet si heimeside.

Når er første seriekamp?

Gutar

  • Herrelaget spelar første seriekamp heime mot Hovdebygda torsdag 15. august
  • G19 spelar første kamp heime mot MSIL 9ar 19. august
  • G16 spelar sin første haustkamp borte mot Brattvåg II 21. august
  • G14 opnar haustsesongen borte mot Hødd II 20. august
  • G13 har sin første kamp borte mot Gursken/Gjerdsvika 22. august
  • G12 spelar sin første kamp heime mot Tjørvåg 20. august
  • G10 spelar sin første kamp borte mot Gursken/Gjerdsvika 20. august

Jenter

  • Damelaget opnar haustsesongen borte mot SIF/Hessa 21. august
  • J13 drar til Brattvåg i sin første kamp 20. august
  • J12 opnar haustsesongen mot Ørsta på bortebane 22. august
  • J11 spelar første seriekamp mot Hareid på bortebane 19. august
  • J10 sin første kamp vert mot Volda 21. august på Hasundgot stadion