Trenarkurs hausten 2019

Delkurs for NFF Grasrottrenarkurs komande haustsesong.

Hasundgot IL oppmodar alle trenarar i klubben, uansett alderstrinn, om å gjennomføre NFFs Grasrottrenarkurs. Dette er eit trenarkurs med fire delkurs, som blir arrangert fleire stadar gjennom heile året.

I haust kan ein gjennomføre delkurs 1, 2 og 4 på Sunnmøre. Desse kurs vert arrangert følgjande stadar:

  • Ørskog 28.08.2019 (Delkurs 1)
  • Spjelkavik 28.08.2019 (Delkurs 1)
  • Emblem 04.09.2019 (Delkurs 1)
  • Brattvåg 13.09.2019 (Delkurs 1)
  • Vanylven 04.10.2019 (Delkurs 1)
  • Ålesund (Herd) 06.11.2019 (Delkurs 4)
  • Haramsøy/Norddal 15.11.2019 (Delkurs 2)

Du finn fullstendig kurskalender på NFF si heimeside.

Hasundgot IL betalar kursavgift på alle deltakarar som har aktive trenarroller i klubben.