Fem minutt før full tid glapp sjansen til årets første siger.
Det har dessverre ikkje vore mange poeng i årets sesong, men tysdag kveld var damelaget svært nære å kapre den første trepoengaren i 2019 mot Emblem.
Etter eit godt forarbeid av Kristin Marø i det 8. speleminuttet, fekk Marita Myrvågnes strekt fram ein lang fot og plasserte inn 1-0 til Hasundgot.
Opninga var jamn, men Hasundgot hadde eit ørlite overtak i kampen; både spelemessig og resultatmessig.
Utover i omgangen skapte Hasundgot nokre store sjansar til å auke leiinga, men den andre scoringa sat svært langt inne.
Men, etter mykje frustrasjon, kom til slutt ei ny scoring like før pause. Etter å ha dratt seg inn frå høgre klemde Mari Sundgot til, og ballen suste inn i mål. 2-0 til Hasundgot!
Resultatet heldt seg til pause, men gjestene fekk ei tidleg scoring som tende håp om å kome tilbake i kampen.
Den andre omgangen bølgja fram og tilbake, og begge lag skapte ei handfull sjansar som kunne ha resultert i mål. Det ebba derimot sakte og roleg mot ein knipen heimesiger, men fem minutt før full tid rakna det dessverre.
To kjappe scoringar sørgja for at kampen vart snudd frå 2-1 til 2-3. Sett med Hasundgot-auge var dette eit svært bittert tap, ettersom sjansane til å avgjere kampen definitivt var til stade. Uheldigvis var det ikkje dagen det skulle lykkast.
Damene viste derimot mykje godt spel i store delar av kampen, så noko positivt kan laget ta med seg – sjølv om det var surt å innsjå at alle poenga blei med tilbake til Ålesund.
Ny sjanse ventar måndag 9. september, når laget reiser til Skodje for å spele nest siste bortekamp denne sesongen.
Kampfakta
Kvinner 7ar
Hasundgot – Emblem 2-3 (2-0)
Hasundgot kgb
Tilsk: 15
Dommar: Elling Haddal Våge
MÅL HIL: 1-0 Marita Myrvågnes (8), 2-0 Mari Sundgot (43)
Laget: Karoline Breivik – Astrid Breivik, Gry Antonsen – Mari Sundgot, Marita Myrvågnes, Matilde Fjørtoft – Kristin Marø
Innbytarar: Aurora Bratli, Angel Nguyen, Martine Holstad, Mari Hatløy