I ein spanande kamp vart det ny poengdeling mellom Skodje og Hasundgot.
Då laga møttest til dyst i vår vart det eit nervepirrande oppgjer, der det til slutt begge laga fekk eitt poeng kvar og kampen enda 3-3.
Sidan den gong har det ikkje blitt fleire poeng, så det var ein motivert gjeng som tok turen til Skodje stadion onsdag kveld.
Hasundgot fekk ein kanonstart på kampen etter at Kristin Helland sette kontant inn 1-0 i det 13. speleminuttet. Leiinga heldt seg til rundt halvtimen passert. Eit langskot smatt inn bak keeper Karoline Breivik, etter å ha gått i tverrleggjaren og inn.
Men Hasundgot var poenglystne denne onsdagskvelden.
Like etter utlikninga spratt ballen Hasundgot sin veg og plutseleg fekk Anna Haddal fritt rom til å fosse framover åleine meot Skodje-målvakta.
Sikker som banken sette Haddal inn 2-1, til stor jubel i borteleiren.
Rett før pause auka Helland leiinga til 3-1. Etter å ha dratt seg inn frå venstre plasserte ho ballen sikkert i det lengste hjørnet.
Med éin omgang igjen å spele vart Hasundgot einige om å forsøke å vere tolmodige på eigen banehalvdel og utnytte smutthol i heimelagets forsvar når sjansane baud seg.
Det skulle derimot ikkje gå meir enn 7-8 minutt av den andre omgangen før heimelaget fekk eit straffespark. Den tok Skodje godt vare på; 2-3!
Då vart Hasundgot-damene litt oppkava og stressa, og utlikninga til 3-3 kom sju minutt seinare.
Det siste kvarteret av kampen bølgja fram og tilbake, og begge lag hadde fleire lovande moglegheiter til å finne den avgjerande scoringa. Men scoring nummer sju kom aldri, så begge laga måtte derfor ta til takke med eitt poeng kvar.
Det var derfor ein noko skuffa gjeng i garderoben etter kampen, som nok følte at dette var to poeng tapt snarare enn eitt poeng vunne. Men det positive var i alle fall at talet på poeng dobla seg samanlikna med før kampen.
No ventar to veker med seriepause, før damene tek turen til Folkestad for årets siste bortekamp 1. oktober. Så vert sesongen runda av med kamp mot Ørsta 2 ei veke seinare, og siste kamp mot Guard 15. oktober.
Kampfakta
Kvinner 7ar
Skodje – Hasundgot 3-3 (1-3)
Skodje KGB
MÅL: 0-1 Kristin Helland (13), 1-2 Anna Haddal (35), 1-3 Helland (38)
Laget: Karoline Breivik – Gry Antonsen, Astrid Breivik – Mari Sundgot, Marita Myrvågnes, Mari Hatløy – Hedda Strømberg
Innbytarar: Ingrid Sundnes, Kristin Helland, Aurora Bratli, Anna Haddal