Etter fire strake tap, losna det heime mot Volda 2 torsdag kveld.
Voldingane kom frå ein sterk 2-1-siger mot Stranda sist runde, medan Hasundgot hadde mykje å revansjere etter eit frykteleg 10-3-tap mot Vigra for ei veke sidan.
Men kampen var både jamn og tett i opninga, og det var ikkje altfor mange sjansar å notere seg den første omgangen. Ruben Muren skapte den første nemneverdige sjansen etter dryge 10 minutt, men frå ein skrå posisjon fekk ikkje midtbanespelaren nok dreis i ballen til at det skapte store utfordringar for keeper Tore Sørheim.
Sjølv om det var Hasundgot som fekk styre kampen mest innleiingsvis, var det ingen av laga som verkeleg klarte å true motstandarens keeper første halvtimen.
Vikebladet (+): Slo tilbake etter fire strake tap
Men så heldt det neste på å gleppe for heimelaget. Ein ball frå Håvard Fiskaa gjekk inn mot eigen keeper, og Joakim Rødven såg ut til å vere i tvil om det var tilbakespel eller ikkje. Løysinga vart å dempe ballen, som Volda makta å snappe frå beina til sisteskansen. Det gjekk heldigvis bra, og Hasundgot fekk klarert.
Like etter hørte Hasundgot lyden av metall i den andre enden; dessverre stong ut denne gongen.
Laga var like langt til pause, men det var først i andre omgang at det skulle blåse litt liv i kampen. Både Hasundgot og Volda var motiverte for å gripe tak i sigeren, så kampen bølgja fram og tilbake.
Det var mest på dødballar at Volda skapte sine sjansar, men måla kom ikkje.
Kampen drog seg sakte, men sikkert, mot poengdeling, men fem minutt før full tid kunne jubelen endeleg sleppast laust. På eit hjørnespark fekk Muren akkurat nok plass til å lirke inn 1-0 til Hasundgot. Stemninga gjekk i taket, men ein bestemt gjeng var klare på at jobben enno ikkje vart gjort.
Klokka tikka sakte mot 90 minutt, men eit bunnsolid forsvar heldt stand. I staden kunne Hasundgot juble endå ein gong på overtid, etter at Elias Skeide Rooney oppdaga av Volda-keeperen stod langt ute frå målstreken. Angriparen prøvde å banke ballen i mål frå 40 meter, og via nettaket sat kula sikkert i mål. 2-0!
Det var det siste som skjedde, og Hasundgot fekk tre svært etterlengta poeng. Det var den vitamininnsprøytinga laget trong, etter fire tøffe kampar så langt i haust.
No ventar ein ny tøff kamp mot eit andrelag, når vi reiser til Moa for å bryne oss på Herd 2 neste veke.
Kampfakta
5.-divisjon, runde 16
Hasundgot – Volda II 2 – 0 (0-0)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilsk
Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL
Mål: 1-0 Ruben Muren (85), 2-0 Elias Rooney (92)
Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Håvard Fiskaa, Nedim Mujic, Simon Haddal Spjutøy, Jørgen Skogstrand Kleiven – Stian Pedersen, Nicolai Haddal Molvær, Håvard Strand, Ruben Muren – Elias Rooney, Cato Veien
Innbytarar: Sander Ringstad, Nicolai Vik, James Kenneth Sjåstad, Sondre Alyandro Lunde, Mats Bigset, Kristoffer Flø