Før kampen: Aksla (H)

Spanande oppgjer mot tabellnaboen står for tur på Hasundgot stadion.

Det siste året har Hasundgot og Aksla allereie møttest tre gonger. I alle desse tre kampane har det vore jamne og tett oppgjer, der det berre har vore eitt mål som har skild laga.

Første oppgjer var i KM-sluttspelet i fjor haust, der det lenge stod mållaust. Den avgjerande scoringa kom derimot heilt på tampen, då Aksla fekk heada inn 1-0 fem minutt før full tid på Ratvika stadion.

Laga møttest på nytt i sesongoppkøyringa i mars, denne gongen på Hasundgot stadion. Ålesund-laget tok leiinga 1-0 på eit hjørnespark, før 2-0 kom etter eit innlegg frå venstresida. Hasundgot kom sterkare tilbake og utlikna til 2-2 etter scoringar av Daniel Muren og Håvard Vik.

Aksla skulle derimot stikke av med sigeren denne gongen også, ettersom ei straffescoring dryge 10-12 minutt før full tid gjorde at dei raudkledde vann 3-2.

Sist oppgjer var i det streama oppgjeret på Ratvika stadion tidlegare i år, der Hasundgot fekk ein kanonstart på kampen. Nicolai Molvær sendte i veg eit langskot som smatt inn i det lengste hjørnet.

Vertane kjempa seg derimot inn i oppgjeret igjen, og Aksla vann 2-1 etter å ha snudd oppgjeret.

Hasundgot er inne i ei god flyt, med to strake sigrar etter å ha starta sesongen med fire tap. Skulle det bli siger mot Aksla vil vi krype endå tettare opp til tabellnaboen med like mange poeng. Skal vi gå forbi i kveld, må vi derimot vinne med elleve mål…

Vi håper i alle fall på å ta tredje strake sigeren og halde den gode forma i gang!

Siste fem kampar

Hasundgot:

  • Herd II – Hasundgot 0-1
  • Hasundgot – Volda II 2-0
  • Vigra – Hasundgot 10-3
  • Hasundgot – Sykkylven 2-5
  • Langevåg – Hasundgot 4-3

Aksla

  • Aksla – Stranda 3-0
  • Godøy – Aksla 1-1
  • Aksla – Skodje 2-2
  • Aksla – Ellingsøy 5-2
  • Herd II – Aksla 3-3

Førebels tabell

 

Kampdetaljar

5.-divisjon, runde 18
Hasundgot – Aksla
Hasundgot stadion
Dommar: Morten Berge Digernes (Bergsøy IL – Fotball)
Avspark: torsdag 26.09, kl. 19.00

Delta på vår Facebook-hending!

Tropp

Desse er førebels uttekne i kamptroppa:

Joakim Rødven, Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa, Thomas Edvard Gjerde, Kristoffer Flø, Sander Michael Ringstad, Loke Mork, Nicolai Haddal Molvær, Nicolai Vik, James Sjåstad, Håvard Aarsand Vik, Sondre Alyandro Lunde,  Elias Skeide Rooney, Cato Veien, Ruben Muren, Isak Sundgot