G19: Knallsterk siger mot SIF/Hessa

Det var stor underhaldning då SIF/Hessa kom på besøk måndag kveld.

For allereie etter sju spelte minutt hadde det blitt scora tre mål i kampen, etter at Nicolai Molvær hadde snudd 0-1 til 2-1 for Hasundgot.

Men spenninga var derimot langt frå over på Hasundgot stadion. Bortelagets Ginito Gaw utlikna til 2-2 i det 12. speleminuttet, og laga var igjen like langt. Sju minutt før pause sendte Mathias Sørli gjestene i leiinga, men Isak Sundgot sørgja for at det stod 3-3 til pause etter ei utlikning på overtid.

Sundgot teikna seg på scoringslista på nytt rett etter sidebytet, etter at spissen var sikker frå straffemerket. 4-3 til Hasundgot!

Feiringa var derimot kortvarig, for Sørli sette inn si andre scoring for kvelden  fire minutt seinare.

Dramatikken skulle derimot halde fram etter kvart som kampen drog seg til mot slutten. Med dryge 17 minutt att å spele fekk bortelagets Maciej Bogdanowicz direkte raudt kort av dommar Oddbjørn Aam, etter at spelaren sparka til ein spelar som låg nede.

Då det stod at om lag  åtte minutt å spele sendte Elias Skeide Rooney Hasundgot på nytt i leiinga, og då vart det tøft for SIF/Hessa å kome tilbake i kampen med éin mann mindre.

I staden vart det eit sjølvmål hos bortelaget like etter Rooney si scoring, før det vart eit nytt raudt kort for bortelaget like før full tid, då Hasundgot «vart fråteke ei openbar scoringsmoglegheit».

Nicolai scora deretter kampens siste mål til 7-4, og Hasundgot sikra seg eit sterkt resultat i ein spanande og innhaldsrik kamp.

Dette var derfor eit stor opptur etter å ha gått på eit svært bittert tap mot Hødd i førre veke.

Kampfakta

G19, 2.div
Hasundgot – SIF/Hessa 7-4 (3-3)
Hasundgot stadion
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Gule kort HIL: Elias Rooney, Sander Gjerde

MÅL HIL: 1-1 Nicolai Molvær (3), 2-1 Molvær (7), 3-3 Isak Sundgot (45), 4-3 Sundgot (49), 5-4 Elias Rooney (82), 6-4 sjølvmål (85), 7-4 Molvær (87)

Troppa: Heine Ljones Kulø, Erik Hatløy, Odd Hofseth Hatløy, Stian Pedersen, Aleksander Marø Vågen, Simon Haddal Spjutøy, Håvard Aarsand Vik, Nicolai Haddal Molvær, Isak Sundgot, Jonas Våge Overå, Daniel Rokseth Skeide, Håvard Hatløy Fiskaa, Marcus Nilsen Nytun, Sander Nedreberg Gjerde, Elias Skeide Rooney