Med ti mann makta ikkje Hasundgot å ta opp kampen mot tabellnabo Aksla.
Sigrar mot Volda og Herd sine andrelag sørgja for at Hasundgot var inne i ein god periode, men torsdag skulle vi kome ned på jorda igjen.
Tabellnabo Aksla hadde ikkje tapt på sine fem siste kampar og kom derfor også inn i oppgjeret med mykje sjølvtillit.
Opninga av kampen gjekk mykje fram og tilbake, der ingen av laga klarte å få eit skikkeleg overtak. Men det skulle endre seg midtvegs ut i omgangen.
Bortelagets Ulrik Peterson Nordstrand fekk tid og rom til å fosse framover i midten, og prøvde lukka med å skyte frå distanse. Ballen fekk ei perfekt retning mot mål og fauk inn i hjørnet. Keeper Joakim Rødven fekk ein hanske på ballen, men klarte ikkje å få nok kraft i labben til å slå ballen unna. 1-0 til gjestene.
Då trekte dei raukkledde seg litt djupare i banen, og Hasundgot fekk litt meir rom. Dette resulterte dessverre ikkje i scoring, sjølv om vi glimtvis skapte nokre halvsjansar frå innlegg.
Det straffa seg då Aksla på nytt var på scoringstokt på overtid. På nesten identisk vis som ved 1-0, fekk Joakim Fylling Larsen akkurat nok tid og rom til å sende i veg eit nytt langskot. Denne gongen smalt ballen i tverrleggjaren før den gjekk inn bak Rødven.
Vikebladet Vestposten (+): – Vanskeleg å kome tilbake i kampen
Med 0-2 til pause vart det ei tordentale i garderoben, og alle mann var heilt samde om at det som vart vist i den første omgangen var langt frå godt nok.
I den 2. omgangen var det derfor ein klar ambisjon om å forsøke å la ballen gå langs bakken. Samstundes la Aksla opp til eit endå høgare press enn før pause.
Etter eit angrep på si venstreside fekk Aksla losna av eit nytt skot åtte minutt etter sidebytet. Denne gongen fekk Rødven stoppa skotet, men returen havna i farleg område midt foran mål. To Aksla-spelarar heldt på å gå i vegen for kvarandre og spolere heile sjansen, men til slutt fekk Simen Hatlen avslutta og satte ballen sikkert inn til 3-0.
Ei tilsynelatande trygg leiing gjort at dei tilreisande frå Ålesund vart litt meir avslappa utover i omgangen, og det gav Hasundgot høve til å jobbe seg inn i oppgjeret igjen.
Så vidt inne på Aksla sin banehalvdel piska Håvard Fiskaa eit frispark inn i feltet, og der kom luftbaronen Nicolai Haddal Molvær og stanga inn reduseringa til 1-3. Dette var hans åttande seriemål, niane totalt, hittil denne sesongen.
Men oppgåva om å hente inn att leiinga vart endå vanskelegare då James Sjåstad fekk tildelt sitt andre gule kort for kvelden dryge fem minutt seinare, og Hasundgot måtte fullføre kampen med 10 mann.
Mål nummer to og tre kom aldri, og det vart eit nytt tap for Hasundgot. Haustens femte på sju kampar.
No står det att fire kampar av årets sesong. Tre av oppgjera er mot lag som ligg bak Hasundgot på tabellen, så her kjem det til å bli ein real «fight» til siste slutt.
Kampfakta
5.-divisjon, runde 18
Hasundgot – Aksla 1-3 (0-2)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilsk
Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy IL
MÅL: 0-1 Ulrik Peterson Nordstrand (23), 0-2 Joakim Fylling Larsen (45), 0-3 Simen Hatlen (53), 1-3 Nicolai Haddal Molvær (71)
Gult kort: Elias Rooney, Simon Spjutøy, HIL, Ulrik Peterson Nordstrand, Joakim Fylling Larsen, Jonas Flem, AIL
Raudt kort: James Sjåstad, HIL
Laget (4-4-2): Joakim Rødven, Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Nicolai Vik, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær, Elias Rooney – Cato Veien, Ruben Muren
Innbytarar: Sander Ringstad, James Sjåstad, Kristoffer Flø, Isak Sundgot, Håvard Vik, Loke Mork