Heltne til Ørsta – som spelar

Vegard Heltne har signert for Ørsta på «deadline day».

Han vert derfor spelar i same klubb som han har vore trenar for det siste halvanna året.

Vegard la opp som profesjonell fotballspelar for Hødd etter 2017-sesongen og tilbrakte førre sesong i moderklubben Hasundgot.

I Hasundgot fekk han i alt 12 kampar, 10 av dei obligatoriske (ni kampar i 6.div og éin kamp i KM-sluttspel). Sjølv om Vegard hovudsakleg har vore kantspelar i Hødd, gjorde han stor suksess som midtstoppar i kvitt og raudt førre sesong.

Vi ynskjer Vegard lykke til vidare i Ørsta, og håper på ein snar retur til Hasundgot-fargar.