Fotballstyret kallar inn til informasjonsmøte onsdag 25. september.
Etter innspel frå trenarar og lagleiarar, ynskjer fotballstyret å invitere alle trenarar og lagleiarar i Hasundgot IL til eit informasjonsmøte.
Møtet vert heldt på klubbhuset, med møtestart klokka 18.00 og varer fram til ca. klokka 19.00.
Tema for møtet vil mellom anna vere;
- Betaling av treningsavgift og påmeldingar
- Kiosksalg – rutinar og ansvar
- Dugnadar
- Utdeling/kontroll på drakter og utstyr
- Norway Cup (betaling/ikkje betaling)
- Roller – fordeling mellom trenar og lagleiar
- Planar for sesongen: turneringar, klubbkveldar, fotballskular, etc.
På møtet vil også hovudstyret delta for å gi svar på det kjem vedkjem mellom anna kiosk, bane/anlegg og andre praktiske ting som ikkje direkte er retta mot det som skjer på treningsfeltet.