17. mai 2021

Informasjonsmøte for trenarar og lagleiarar

Fotballstyret kallar inn til informasjonsmøte onsdag 25. september.

Etter innspel frå trenarar og lagleiarar, ynskjer fotballstyret å invitere alle trenarar og lagleiarar i Hasundgot IL til eit informasjonsmøte.

Møtet vert heldt på klubbhuset, med møtestart klokka 18.00 og varer fram til ca. klokka 19.00.

Tema for møtet vil mellom anna vere;

  • Betaling av treningsavgift og påmeldingar
  • Kiosksalg – rutinar og ansvar
  • Dugnadar
  • Utdeling/kontroll på drakter og utstyr
  • Norway Cup (betaling/ikkje betaling)
  • Roller – fordeling mellom trenar og lagleiar
  • Planar for sesongen: turneringar, klubbkveldar, fotballskular, etc.

På møtet vil også hovudstyret delta for å gi svar på det kjem vedkjem mellom anna kiosk, bane/anlegg og andre praktiske ting som ikkje direkte er retta mot det som skjer på treningsfeltet.