Kjekk klubbkveld på Hasundgot

God stemning då Hasundgot arrangerte klubbkveld i helga.

Fredag kveld arrangerte Hasundgot klubbkveld for alle 3-7. klassingar. Om lag 60-70 born tok turen innom, og hadde det særs kjekt i lag heile kvelden.

Det var lagt til rette for både brettspel og disco med «BlimE-dansen» og eigne låtynske. I tillegg var det godt kiosksal med både frukt, kake, vaflar, sjokolade og andre godsaker.

Mange av borna koste seg så mykje at dei ikkje kunne vente til neste klubbkveld.

Økonominemnda kan derfor stadfeste at neste arrangement allereie er under planlegging, og vert lagt til 1. november – då med Halloween som tema.

Takk til alle som bidrog til å gjere dette til ein veldig kjekk kveld!

Helsing
Økonominemnda
Hasundgot IL