Midtbanespelaren tek steget opp i 4.-divisjon.
Dagen før «deadline day» er det klart at Hasundgotaren Sebastian M. Kleven har signert for 4.-divisjonsklubben Larsnes/Gursken.
Etter debuten borte mot Vartdal 26. juni 2014 har det blitt 99 kampar på 21-åringen, den siste i 5-2-tapet mot FK Sykkylven for snart to veker sidan.
I løpet av dei kampane har det blitt 50 mål, så midtbanespelaren har verkeleg gjort seg gjeldande på midtbanen for Hasundgot dei siste åra.
Klevens nye klubb ligg førebels på ein 7.-plass etter 15 spelte runder.
Sjølv om det er leit å miste Sebastian, ynskjer vi han lykke til i LGFK!