14. april 2021

Muren til Hasunds Hund

Angriparen har signert for klubb i Bergen.

Tidlegare denne sommaren flytta Daniel Muren til Bergen, og på «deadline day» vart han klar for den bergenske klubben Hasunds Hund.

Dette er ein klubb som i si tid var ein hyllest til tidlegare Brann-spelar Geir Hasund, som vart ein ekte kulthelt blant mange Brann-supporterar.

Med det blir Muren den andre Hasundgot-spelaren som har gått til Hasunds Hund dei siste par åra. Førre spelar har derimot flytta vidare til dei foreinte statane i amerika sidan den gong.

Etter Muren sin Hasundgot-debut i 2015 mot Larsnes/Gursken 2, har det blitt i alt 69 kampar på herrelaget for Muren. I desse kampane har det også blitt totalt 18 mål.

Vi ynskjer Daniel lykke til med haustsesongen for Hasunds Hund, og lykke til med tida i Bergen!