28. oktober 2021

Nydeleg langskot sikra sigeren

Etter ein svært jamn kamp, sikra ei ny perlescoring av Nicolai Molvær tre poeng.

Det vart ein tøff start på hausten med fire strake tap mot dei fire topplaga. Men etter ei god oppleving mot Volda 2 sist runde, var det ein gjeng med sjølvtillit som tok turen til Moa for å bryne seg på Herd 2 torsdag kveld.

Oppvarminga vart kort og intensiv ettersom laget ikkje rakk 16.30-ferja frå Hareid, men det såg ikkje ut til å påverke spelarane nemneverdig. For på banen var det Hasundgot som kom best igang.

Litt ut av ingenting forsøkte Nicolai Molvær å fyre laust frå avstand med venstrefoten. Ballen hadde god retning mot mål, men keeper såg ut til å OK kontroll på ballbanen. Heldigvis for Hasundgot smatt ballen rett under tverrleggjaren og inn i målet. Nydeleg scoring!

Då fekk Hasundgot tryggheit og ro til å ligge litt meir kompakt, og let Herd få halde på ballen inne på eigen banehalvdel.

Utover i oppgjeret kom Hasundgot seg til eit par gode moglegheiter, men presisjonen i avslutningsaugneblinken var ikkje heilt på plass – og det vart med den eine scoringa før pause.

Vertane hadde også nokre skumle moglegheiter på dødball, men makta ikkje å true målet nok til å få pressa fram ei scoring.

Vikebladet Vestposten: To på rad for Hasundgot

Over i andre omgang vart det i langt større grad ein forsvarskamp for Hasundgot, der heimelaget hadde klart mest ballen. Like etter sidebytet kunne det ha gloppe då tidlegare AaFK-spelar Izantullah Ahmadzai fekk rom inne i 16-meteren, men ballen vart avverja til eit hjørnespark i siste  liten.

Forutan den sjansen vart det ikkje så veldig mykje farlegheiter vertane klarte å skape på AMFI Moa stadion. Hasundgot hadde ein svært god defensiv struktur og dei blåkledde klarte nesten ikkje å tre seg gjennom, sjølv om dei gong på gong forsøkte å doble på sidene.

Samtidig hadde Hasundgot ein stor dobbelsjanse til å auke leiinga, der ballen først gjekk i stolpen – før returen vart banka langt over.

Bakover var det heldigvis botnsolid denne kampen, og det vart med den eine scoringa. Tre svært kjærkomne poeng, mot ein vanskeleg motstandar.

No ventar ei minst like tøff oppgåve når Aksla kjem på besøk neste veke. Det vert ein nøkkelkamp, ettersom vi kan kome á poeng med Ålesund-laget med siger.

OBS: også ein kjekk kveld for 16-åringen Loke Mork som fekk sin a-lagsdebut etter å ha kome inn frå benken i 2. omgang. Debutanten gjorde ein god figur som venstre midtbanespelar, og bidrog positivt med løpskapasitet og vinnarvilje.

Kampfakta

5.-dvisjon, runde 16
Herd 2 – Hasundgot 0-1 (0-1)
AMFI Moa stadion
Ca. 10 tilskodarar
Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven IL
MÅL: 0-1 Nicolai Molvær (9)

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Elias Rooney, Nicolai Molvær, Nicolai Vik, Sondre Lunde – Cato Veien, Sander Gjerde

Innbytarar: Mats Bigset, Kristoffer Flø, Sander Ringstad, Isak Sundgot, Loke Mork