Stor aktivitet på keeperskule

Nærmare 30 born var samla på Hasundgot for å utvikle seg som keeperar.

I samarbeid med Sunnmøre fotballkrets inviterte Hasundgot IL til keeperskule laurdag føremiddag. Vel 30 unge, lovande keeperar hadde meldt seg på, så det var klart for mykje aktivitet på Hasundgot stadion.

Etter ei kort innleiing av arrangør Martin Løset, vart spelarane delte inn i grupper basert på alder.

Som hjelparar stilte også Hasundgots a-lagskeeper Joakim Rødven og G16-keeperane Gabriel Løset, Heine Kulø og Emil Hanssen for å bidra på feltet.

Teknikk og «krig»

I løpet av to økter lærte,  og terpa, keeperane på basisferdigheiter som grep, fallteknikk, utkast og innlegg.

I tillegg vart det den siste delen lagt opp til konkurranse, der «keeperkrig» stod i fokus. Her var det éin mot éin, der keeperane både kunne skyte eller kaste mot motstandarens mål for å score.

Det verka som at dei aller fleste kosa seg i løpet av samlinga, og det ei samstemt gruppe som ropte «ja!» når det vart spurt om dei hadde lyst å delta på fleire slike samlingar.

Så dette ser lyst ut for keeperframtida på Sunnmøre!