Stygt sjumålstap på Vigra

Hasundgot fekk ein kjempestart, men så vart det full stopp.

Etter tre strake tap i haust var Hasundgot på jakt etter sine første poeng etter sommarferien på Vigra. Dei tre føregåande kampane på Rota stadion har endt med stygge tap, og i det 5. speleminuttet såg det ut til at den statistikken endeleg skulle ryke.

Nicolai Molvær fekk kriga inn 1-0 for Hasundgot etter ein dødball, og som både i kampen mot Langevåg og Sykkylven kom vi best igang.

Men så sa det stopp. Full stopp.

Før kampen var 30 minutt gamal hadde Vigra snudd kampen til 3-1, før Håvard Strand reduserte til 2-3 og tende nytt håp for Hasundgot.

Men ytterlegare to scoringar før pause sørgja for at Vigra leia komfortabelt 5-2 halvspelt.

Eit smått sjokkert Hasundgot tok ein alvorsprat i garderoben, og starta den andre omgangen med friskt mot og trua på at dette var ein kamp som var fullt mogleg å kome attende til. For sjansane var tilstades, sjølv om effektiviteten kom til kort.

Spelet sat betre innleiingsvis etter pausen, men då Vigra-spissen Kenneth Kjevik sette si tredje scoring for kvelden dryge ti minutt ut i omgangen kollapsa Hasundgot fullstendig.

Måla rann inn bakover, og heimelaget klarte akkurat å setje inn heile 10 mål forbi målvakt Joakim Rødven før klokka runda 90 minutt.

Innbytar James Sjåstad sette inn ei flott redusering, då til 3-9, men det var ei mager trøyst på ein elles heilsvart kveld for dei kvite og raude.

Neste veke ventar ei ny, tøff utfordring i Volda 2 på heimebane. Etter ein litt treig start på sesongen har voldingane jamt og trutt teke poeng, så det vert ingen lett motstandar. Hasundgot er i alle fall svært motiverte til å slå tilbake etter fire poenglause kampar hittil i haust.

Kampfakta

5.-divisjon, runde 15
Vigra – Hasundgot 10-3 (5-2)
Rota KGB
Ca. 30 tilsk
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL

MÅL HIL: 0-1 Nicolai Molvær (5), 3-2 Håvard Strand (31), 9-3 James Sjåstad (70)

Laget (4-1-3-2): Joakim Rødven – Håvard Fiskaa, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Jørgen Kleiven – Stian Pedersen – Nicolai Molvær, Håvard Strand, Nicolai Vik – Elias Rooney, Sander Gjerde

Innbytarar: Mats Bigset, James Sjåstad, Kristoffer Flø, Sander Ringstad