Tre spelarar til Flø

Denne sommaren har tre Hasundgot-spelarar byta klubb.

Overgangsfristen for breiddefotballen, 10. september, nærmar seg med stormskritt. I løpet av dei siste par vekene har tre spelarar meldt overgang frå Hasundgot til Flø.

Dette er Ivar Aadland, Bjørn Inge Tenfjord og Kim Hansen, der sistnemnde vert lånt ut til dei grønkledde for resten av 2019-sesongen.

Ivar spelte sin siste kamp for Hasundgot i OBOS-cupkampen mot Åmdal i vinter, medan Bjørn Inge og Kim sine siste kampar var i KM-sluttspelet mot Vigra i fjor haust.

I løpet av tida i Hasundgot fekk Ivar i alt 26 kampar for Hasundgot, Bjørn Inge fekk 30 kampar og Kim står førebels med 58 kampar.

Vi ynskjer alle tre lukke til med den komande sesongen i Flø IL!

TILBAKE TIL FLØ: Ivar Aadland kom til Hasundgot frå Flø sommaren 2017. Her frå tida hans i Hareid IL. Foto: Hareid IL