Berga eitt poeng på overtid

Det gjekk mot tap, men Cato Veien sette inn 2-2 i siste sekund.

Med tre poeng mot Godøy, ville Hasundgot bortimot sikra vidare spel i 5.-divisjon neste sesong. Då hadde kvittrøyene lege 8 poeng framfor Volda 2, som ligg 9. plass.

Avhengig av korleis det går lenger oppe i seriesystemet, vil truleg 3-4 lag rykkje ned frå 5.-divisjon denne sesongen.

Det var derfor ein svært skuffa Hasundgot-gjeng som måtte sjå ei kanonkule av Anders Dyb suse inn forbi keeper Joakim Rødven i det 32. speleminuttet.

Dette var gjestenes første, og einaste, sjanse i den første omgangen – og sjølv om det var Hasundgot som dominerte kampen, stod det 0-1 til pause.

Vikebladet Vestposten (+): – Vi leverer dessverre under pari

Kampen hadde vore svært sjansefattig i den første omgangen, så Hasundgot var samde om å få endå meir tempo i ballen etter pausen for å setje inn eit ekstra trykk.

Det kan nesten umiddelbar suksess.

Etter å ha stått høgt i presset, utnytta innbytar Cato Veien ein glipp i gjestenes forsvar. Spissen låg akkurat på rett plass til rett tid, og banka inn utlikninga for Hasundgot.

Saka held fram under biletet.

TOMÅLSSCORAR: Cato Veien scora begge Hasundgot sine mål.

Gleda vart derimot kortvarig, for seks minutt seinare sende Kristoffer Dyb bortelaget i føringa på nytt. Eit innlegg frå Godøy si venstreside fann ein heilt umarkert Dyb, som satte inn ballen via ein Hasundgot-forsvarar.

Dette følte Hasundgot var svært ufortjent; to sjansar og to mål.

Hasundgot måtte derfor jage ei ny utlikning, men scoringa sat veldig langt inne.

Eit prosjektil frå frå Nicolai Molvær som nesten braut sønder stolpen såg lenge ut til å vere det nærmaste Hasundgot kom scoring, men langt inne i overtida skulle presset endeleg gi resultat.

Samtlege 11 mann hadde blitt flytta opp på eit frispark. Innbytar Håvard Strand piska inn ballen, og etter litt klabb og babb fekk Cato Veien kasta seg rundt og klemde til. Ballen gjekk i ein fin boge over alt og alle, og dalte ned over målstreken. 2-2!

Det var det siste som skjedde i kampen, og Hasundgot fekk med seg eitt poeng heilt på tampen. Som i det første oppgjeret i vår, var nok dette eit resultat verken Hasundgot eller Godøy var spesielt nøgde med. Men vi tek med oss alle poenga vi får.

No ventar ein tøff bortetur til Stranda, før sesongen rundast av heime mot Ellingsøy 24. oktober.

Kampfakta

5. divisjon, runde 20
Hasundgot – Godøy 2-2 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca 60 tilskodarar
Dommar: Arild Vegsund, Norborg

Gult kort: Stian Pedersen

MÅL: 0-1 Anders Dyb (32), 1-1 Cato Veien (50), 1-2 Kristoffer Holmen Dyb (56), 2-2 Veien (90)

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Stian Pedersen, Håvard Vik – James Sjåstad, Elias Rooney

Innbytarar: Kristoffer Flø, Isak Sundgot, Håvard Hjorthaug Strand, Odd Hofseth Hatløy, Loke Mork, Cato Veien, Mats Bigset