Laurdag 26. oktober inviterer Tussa til jubileumsfest.
På programmet står mellom anna sponsorshow, der du kan vere med på å representere Hasundgot IL.
– Det betyr at vi gjer litt ekstra stas på lag og organisasjonar vi er sponsor til, og inviterer dykk til å vere med på festen. Lag/organisasjonar som melder seg på, er med i trekkinga av 10 000 kroner, skriv Tussa om arrangementet.
Vidare står i det i invitasjonene at dei påmeldte må stille i drakt/uniform, og dei forskjellige laga vert presenterte på scena i Ørstahallen.
Kvart lag/organisasjon har høve til å melde på inntil 2 vaksne og 2 barn/ungdomar.
Program
I tillegg til sponsorshowet, vil det vere følgjande program på jubilleumsfesten:
- konsert med lokale songstjerner,
- Andreas Wahl kjem med vitskapsshowet sitt Elektrisk
- bli nærare kjende med Tussaligaen, Tussa sin eigen e-sportliga.
Arrangementet vert leia av TV 2-profil Stian Blipp.
Er dette noko for deg? Ta kontakt med leiar i Hasundgot IL, Eirik Lorentzen, for å avtale påmelding! Send førespurnad til post@hasundgot.no.
Arrangementinfo
Stad: Ørstahallen
Tid: Laurdag 26. oktober kl. 13.00-16.00 (dørene opnar kl. 12).
Påmeldingsfrist: Måndag 15. oktober