Det vart ein lang kveld i årets siste bortekamp.
Vertane Folkestad/Volda2 hadde laga i stand eit flott arrangement onsdag kveld, med tre kampar på «rappen». I tillegg var det både speakerteneste, innmarsj og videoopptak av kampen.
Ramma rundt kampen var derfor litt meir enn det vanlege, men når laga kom på banen var det ikkje så mykje positivt å ta med seg heim til Dimnøya for Hasundgot-damene.
Andrea Helset smatt igjennom allereie i det 3. speleminuttet og sette ballen kaldt og rolig forbi målvakt Karoline Breivik.
Like etter gjekk Breivik ned for teljing etter eit hard samanstøyt kne-mot-kne. Sisteskansen kom seg på beina igjen, men etter eit nytt samanstøyt nokre minutt seinare, der ho vart sparka rett i ansiktet i eit forsøk på å avverje ballen, måtte keeperen kaste inn handkleet.
Tuva Meek Lillenes sette inn 2-0 ikkje lenge etter. Kristin Marø reduserte til 2-1 rundt halvtimen spelt, og tente eit ørlite håp for dei kvitkledde.
Men ei scoring av Amalie Haugland Bjørkedal like før pause sørgja for at Folkestad på nytt auka leiinga til to mål.
Tidlig i den andre omgangen sette Lillenes si andre scoring for kvelden, og då var det i hovudsak berre eit spørsmål om å fullføre kampen for Hasundgots del. Med éin innnbytar å rullere på, i tillegg til ein del slitne bein utover i kampen, gjorde alle ein heiderleg innsats for å stå på til siste slutt.
Resultatet vart derimot ikke noko å juble etter for Hasundgot sin del, og Folkestad sikra seg ein ganske så komfortabel 7-1-siger til slutt. Det betyr at dei ligg på topp, tre poeng framfor Guard, med éin kamp igjen å spele.
Hasundgot har to kampar igjen av årets sesong, begge heime, og vi augnar ein kraftig revansje når vi tek imot Ørsta 2 onsdag neste veke.
Kampfakta
Kvinner 7ar
Folkestad/Volda2 – Hasundgot 7-1 (3-1)
Hasundgot stadion
Myrane kgb
Ca. 30 tilskodarar
MÅL HIL: 2-1 Kristin Marø (32)
Laget: Karoline Breivik – Gry Antonsen, Marita Myrvågnes – Mari Sundgot, Kristin Marø, Mari Hatløy – Martine Holstad
Innbytarar: Ingrid Sundnes, Aurora Bratli