Første siger for damelaget

Etter å ha vore veldig nærme i fleire kampar, kom omsider årets første trepoengar.

Poengmessig har det vore ein mager sesong for Hasundgot sitt damelag, som med to poeng (begge etter uavgjort mot tabellnabo Skodje) hadde eit stykke opp til onsdagens motstandar Ørsta med sine 12 poeng.

Det nyoppstarta laget for sesongen har derimot hatt god progresjon utover i sesongen, og endeleg skulle det gi resultat også på resultattavla.

Sjølv om Ørsta tok tidleg leiinga på Hasundgot stadion, kom vertane sterkt tilbake.

Kristin Marø utlikna til 1-1 kjapt etter, før eit hat-trick av namnesøster Helland sørgja for at Hasundgot var oppe i leiinga 4-1.

Ørsta reduserte til 4-2, men ei ny scoring av Marø gjorde at stillinga var 5-2 halvvegs.

Bortelaget tok første stikk i den andre omgangen, men to mål av Mari Sundgot sørgja for at Hasundgot heldt på leiinga.

Det blei spanande då Ørsta reduserte til 7-6, men ytterlegare to scoringar av Helland (hennar fjerde og femte i kampen) gjorde at tvilen vart lagt til side.

Ørsta fekk ei trøystescoring til 9-7, men det var siste scoring i kampen og Hasundgot kunne i nest siste seriekamp for året sleppe jubelen laus for ein kjærkomen siger.

No står det att ein real tøffing mot tabelltoar Guard i siste kamp neste veke, og då treng damene all støtte dei kan få. Vi går for to strake sigrar!

Kampfakta

Kvinner 7ar
Hasundgot – Ørsta II 9-7 (5-2)
Hasundgot stadion
Dommar: Kristian Sundal
MÅL HIL: 1-1 Kristin Marø, 2-1 Kristin Helland, 3-1 Helland, 4-1 Helland, 5-2 Marø, 6-3 Mari Sundgot, 7-5 Sundgot, 8-6 Helland, 9-6 Helland

Laget: Martine Svendsen Holstad – Gry Beate Sundgot Antonsen, Marita Myrvågnes – Kristin Helland, Mari Hatløy, Mari Sundgot – Kristin Marø

Innbytarar: Angel Nguyen, Ingrid Marita Sundnes, Anna Haddal, Astrid Breivik, Aurora Dimmen Bratli

Jubelbrøl etter kampen