Endeleg sitjeplassar på stadion!

Desto større grunn til å kome på Hasundgot-kampar framover.

Dei siste dagane har anleggsnemnda i Hasundgot gjort ein heilt framifrå jobb med å vaske murtribunen, spikre på treramme og montere på stolrad på stadion.

Førebels er det ikkje like mange sitjeplassar som på nye Høddvoll, men vi er svært nøgde med å endeleg kunne tilby ein god sitjeplass til fleire titals personar.

Damelagets kamp mot Ørsta 2 (onsdag) og herrelagets kamp mot Godøy (torsdag) blir første høve til å teste ut stolane.

Vi håper dette vert eit positivt tiltak både for heimesupporterar og tilreisande tilskodarar!

I tillegg ynskjer Hasundgot IL å rette ei stor takk til Høddvoll AS som generøst gav bort fleire sete frå «gamle» Høddvoll og ikkje minst Fugeservice for utleige av steamvaskar.