I kveld spelar herrelaget årets aller siste seriekamp.
Med eitt poeng på Stranda sist runde sikra Hasundgot plassen og kan dermed sjå fram til ein ny sesong i 5. divisjon neste år. Kvittrøyene ligg førebels på ein 6.-plass, men kan (om andre resultat går vår veg) klatre opp éin plass og passere Aksla.
Det er derimot avhengig av at Vigra tek poeng endå ein gong på heimebane. Det er god sjansar for, ettersom dei gule og blå har teke poeng i 9/10 kampar på heimebane i år.
Motstandar Ellingsøy har på si side ikkje hatt ein like hyggeleg sesong i år. Saman med Skodje er Ellingsøy eitt av to lag som er sikre på at dei må ta turen ned til 6. divisjon.
På 21 kampar har Ellingsøy vunne to kampar, spelt éin uavgjort og tapt resten. Med 7 poeng vert dei derfor tabelljumbo uansett utfall i kveldens kamp, ettersom dei ikkje kan ta igjen Skodje med sine 15 poeng.
Utgangspunktet for laget frå den nordlegaste øya i Ålesund kommune vert vanskelegare når ein ser på bortestatistikken denne sesongen. På 10 forsøk har dei tapt alle ti, og scora berre fire mål. Samstundes har det i snitt blitt fire baklengsmål, som gir ein samla målskilnad på -36 mål.
Skadar og suspensjonar
Stian Pedersen er tilbake etter å ha sona karantere sist runde. Jørgen kleiven er ute på reise og er derfor ikkje med i kamptroppa. Kristoffer Flø er borte på øving med heimevernet.
Elles er det stort sett same tropp som mot Stranda som møter til dyst i årets siste seriekamp.
Siste fem kampar
Hasundgot
- Stranda – Hasundgot 1-1
- Hasundgot – Godøy 2-2
- Skodje – Hasundgot 2-5
- Hasundgot – Aksla 1-3
- Herd 2 – Hasundgot 0-1
Ellingsøy
- Ellingsøy – Volda II 0-1
- Stranda – Ellingsøy 1-0
- Ellingsøy – Vigra 1-6
- Godøy – Ellingsøy 4-0
- Ellingsøy – Sykkylven 0-1
Førebels tabell
Kampdetaljar
5.-divisjon, runde 22
Hasundgot – Ellingsøy
Hasundgot stadion
Avspark torsdag kl 18.30
Dommar: Viktor Lillebø Rongve (SIF/Hessa IL – Fotball)