Før kampen: Godøy (H)

Tabellnabo Godøy kjem på besøk i kveld.

Det vart ein forløysande siger mot Skodje sist veke, som kan ha vore tre svært viktige poeng i kampen om å sikre vidare kontrakt i 5.-divisjon.

Med tre kampar igjen å spele ligg Hasundgot på ein førebels 6.-plass, og ein må truleg halde 3-4 lag bak seg for å vere sikker på å kunne stå i divisjonen.

Det er mange faktorar som spelar inn med tanke på kor mange lag som går ned frå divisjonen. Slik situasjonen er no kan 2-4 lag rykkje ned, avhengig av om Herd beheld plassen i Norsk Tipping-ligaen og om Volda/Bergsøy skulle vinne mot vinnaren av 4.-divisjon i Nordmøre og Romsdal fotballkrets i sluttspelfinalen om opprykk til Norsk Tipping-ligaen.

Vi får uansett ikkje gjort noko med desse faktorane, så vi lyt tenke på vårt eige spel og sørgje for at vi ikkje er avhengige av hjelp frå andre.

Då laga møttest i vår vart det ei jamn batalje på Godøya, der Jørgen Kleiven sendte Hasundgot i leiina 1-0 – og trygga leiinga til 2-0 før pause.

Men dessverre, sigeren glapp etter pause då Anders Dyb og Kristoffer Dyb scora to nesten identiske scoringar. Det vart derfor poengdeling, i ein kamp truleg verken Hasundgot eller Godøy var nøgde med resultatet.

Begge lag har hatt litt varierande form i haust, der Godøy har vunne fire av sine åtte haustkampar, medan Hasundgot har vunne tre av åtte kampar etter ferien. Det er derfor to lag som er svært lystne på å finpusse forma og ta eit stort steg bort frå nedre halvdel av tabellen.

Skadar og suspensjonar

I kampen mot Skodje fekk Jørgen Kleiven sitt fjerde gule kort for sesongen, og må derfor stå over kveldens kamp.

James Sjåstad er derimot tilbake i troppen etter å ha sona karantene for å ha motteke to gule kort i kampen mot Aksla runden før.

Ruben Muren fekk seg ein smell sist veke og står over mot Godøy.

Siste fem kampar

Hasundgot

  • Skodje – Hasundgot 2-5
  • Hasundgot – Aksla 1-3
  • Herd II – Hasundgot 0-1
  • Hasundgot – Volda II 2-0
  • Vigra – Hasundgot 10-3

Godøy

  • Godøy – Stranda 1-3
  • Godøy – Ellingsøy 4-0
  • Skodje – Godøy 2-3
  • Godøy – Aksla 1-1
  • Herd 2 – Godøy 2-0

Førebels tabell

Kampdetaljar

5.-divisjon, runde 20
Hasundgot – Godøy
Hasundgot stadion
Avspark torsdag kl 18.30
Dommar: Arild Vegsund (Norborg, IL)